«Ein våg me veit um» heiter boka som fortel alt om bygningar og folka rundt Mjøsvågen. http://www.kom-an.no/media/166126/Invitasjon-til-bokslepp.pdf Nytt i Naust hadde ein særs vellukka årsfest der. Her var omvisning i kisteverkstader, treskoverkstaden, smia og møbelfabrikk, alle frå eldre tider. Sjølve festen var i lokala til Mjøsvågen Landhandleri A/S.
Den gule bygningen var kommunehuset i gamle Hosanger kommune.
I 1954 vart det arbeidskonflikt ved treskoverkstaden. Drifta stoppa, eigaren låste døra og gjekk. Treskoa på bilete er eit tidsminne frå den dagen i 1954. Inge Rune Fanebust fekk starta opp att verkstaden rundt år 2004. Den er i dag driven av Osterøy museum.
Fylkesordførar for Vestland, Jon Askeland frå Radøy, hadde eit inspirerande innlegg. Andre innlegg var ved: Kari Larsen frå Riksantikvaren, Ove Trellevik frå Stortinget, Andreas Espeset plansjef Flora kommune, Sverre Sangolt leiar i Foreininga, Egil Sunde om Bergen Kystkultursenter, Lars Knut Aarland og Knut Are Dyrdal fortalde om naustprosjekt i Austevoll, Vidar Ulriksen Fiskeridirektoratet oppsummerte dagen som vart leia av Anita Fedøy frå Nausforeininga Nytt i Naust.
Der var over 40 personar som hadde sette av dagen med fokus på utvikling og ny aktivitet i strandsona. Der vart også del ut Naustpris 2019 for godt engasjement på alle nivå i strandsona.




Slik ser det ut hausten 2019. Fantastisk!! Bygginga starta i 1885 og rundt 1890 vart det god og jevn drift ved garveriet. Drifta stoppa opp på midten av 1930-talet. Oksehuder kom mellom anna frå Argentina. Etter andre verdskrigen var her sildesalting, tørrfisklager og anna fiskeforedling i nokre år.
Ungdomane tok ei veka av ferien og fekk reparert naustet. Ein fin jobb i både sol og regn. Lokalavisa Tysnesbladet var på besøk. Gode tilbakemeldingar frå mange partar.
Dette naustet frå ca 1870 skal no sikrast for nye 100 år. Nokre ungdomar, knytta til «Nytt i Naust» skal i sommar reparera dette.
Sjå også https://www.jarenforlag.no/naust.html 
Alle dei gamle vindauga er reparert, original stand. 
Knut Bernhard Trellevik har totalrenovert det gamle naustet. Det framstår i dag som eit moderne «Fjæramannshus» med alle fasilitetar. Fiskarbrødrene som bygde naustet laga seg til ein lune båtplass. Den har no turiststandar, men er framleis i bruk.
Medlemar i Nytt i Naust i naustet til Karsten Høyland på Steinsland. Som biletet syner styrer foreininga med stø kurs mot sine visjonar og mål. Dette naustet var som mange andre fylt opp med nøter og andre maritime bruksgjenstander. Her er no rydda og oppgradert. 