Naustforeininga Nytt i Naust er 10 år

Naustforeininga Nytt i Naust vart formelt starta på Tollboden i Bergen i mars 2014. Bakgrunnen for stiftinga var at alle nausta i Sund kommune vart fotografert i 2008 og det vart laga ein rapport. Denne viste at det berre i Sund var 500 naust, mange av desse var i dårleg stand og seinare er fleire havarert. Det viste også at potensialet i alle nausta på kysten er svært stor. Les rapport her: https://naust.org/wp-content/uploads/2024/07/Notat.-Ta-nausta-i-bruk.-2008.pdf

Naustforeininga har i alle år prøvd å påverka offentleg mynde til å vera med å få ny aktivitet i nausta. Nokre gladhistoriar kan me fortelje, men dei overordna linene for å få ny aktivitet i nausta er strengar enn nokon gong. Arbeidet vårt vil halda fram i nye ti år!!!!

NB. Det vert jubileum fredag 25. oktober, invitasjon kjem senare