Historikk

2008

Sverre Sangolt likte ikkje forfallet han såg i naustmiljøa i Sund kommune. Samstundes var der kjent at nausteigarar som søkte om bruksendring  på nausta fekk avslag på dette av offentlege instansar.

Eit fyrest steg var så å fotografera alle nausta i Sund kommune for å få ei god oversikt over situasjonen.

Sjå lesarinlegget ved å lasta det ned.

Lesarinlegg Bergens Tidende 2008

 

Eit notat vart så laga for å prøva å skapa debatt om saka.

Last ned og les notatet «Ta nausta i bruk»

Notat. Ta nausta i bruk. 2008

 

Så vart det eit samarbeid med det interkommunale selskapet «Gode Sirklar». Dette førte til at det rundt 2011 vart oppretta eit samarbeid mellom kommunane Sund, Austevoll, Bømlo og Radøy. I tillegg til Fylkesmannen, Hordaland fylkeskommune og nausteigarane.

Initiativet til dette samarbeidet kom frå dåverande  landbruksdirektør Ole Bakkebø.