Nytt i Naust og Øygarden næringsutvikling

Nyetablerte Øygarden næringsutvikling var på rundtur på søre Sotra og så på næringsaktivitet i fleire naust til medlemar av Nytt i Naust. Dei arbeide for tida med ein plan for næringsstrategi for Øygarden. Denne heng også saman med arbeidet med ny samfunnsplan for Øygarden.

Her dei i god dialog i Timbervika i Telavåg, der det no er eit flott selskapslokale i naustet.

https://www.facebook.com/Timbervika/events

Anita Fedøy NNN, Anita Mannes ØN, Gisla Borgstein Jonsson, Hanne Misje Lokøy ØN og Richard Midttveit

 

Nye retningslinjer for planlegging i strandsonen er vedteken av regjeringa.

Regjeringa skriv i mai at «Nye retningslinjer for planlegging i strandsonen gir økt lokalt handlingsrom og mer verdiskaping i distriktene»

https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/nye-retningslinjer-for-planlegging-i-strandsonen-gir-okt-lokalt-handlingsrom-og-mer-verdiskaping-i-distriktene/id2850357/

I Vestland fylke er desse områda i sone 2. Del av Alver (Lindås og Meland), Askøy, Bergen, Bjørnafjorden (tidligere Os), Øygarden.

I desse områda vil det verta utfordringar med ny aktivitet  strandsona. Slik er ordlyden som kan gje ein liten åpning.

«Vurderingen vil være avhengig av hva slags type tiltak det gjelder. Det kan være grunnlag for å tillate visse tiltak nær sjøen, som for eksempel brygger, naust, næringstiltak og sjørettede reiselivsanlegg. Det kan også være grunnlag for å tillate bruksendring av verneverdige naust og sjøboder til næringsformål og allmennyttige formål.»