Årsfest og naustsamling i Melingsvågen, Austevoll.

Utgangspunktet for samlinga i år var nausta til May-Iren Uglenes i Melingsvågen. Først vitja me den spesielle Øklandsvågen, den er så værhard at den no er heilt ute av bruk. Nokre av nausta her står 3-4 meter over flomålet for å unngå skadar når stormane herjar frå vest. Ved oppgradering kunne dette spesielle naustmiljøet vorte ei perle for turistar sumarstid.

Etter eit godt måltid med fiskesuppa gjekk turen til Bakkasundet og Kalve.  I dette området var det mange flotte naust, i bruk både til næring og som bolighus.  Me var også innom Ølnavågen, Toransvågen, Vasseidet før turen gjekk tilbake til Melingsvågen. Her vart det festmiddag med litt underhaldning og utdeling av Naustpris 2017, som vart tildelt ei lita bu ved Voggo på Golta. (sjå under)

Melingsvågen. Til høgre ligg «Kvitanaustet» frå rundt 1885, her vart festmiddagen servert.

Verinna for dagen, May-Iren Uglenes diska opp med dei flottaste rettar.