Konferanse. Kystens kulturmiljø 14-15 oktober 2026

Fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland, opna konferansen med glimt i auga, og med god tru på at det skal verta ny aktivitet i nausta på Vestlandskysten. Sjå program og info om konferansen her. https://riksantikvaren.no/content/uploads/2026/10/Kysten-kulturmiljokonferanse-2026.pdf

Etter at Busnes, som ligg ved Hardangerbrua, fekk veg rundt 1920 gjekk nausta, som då var sentrum for dei fire gardsbruka gradvis ut av bruk. Bilete frå boka Naustlandet av Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth.

Christin Krohn frå TØI hadde innlegg om «Ny bruk av naust og sjøhus» . Slik kunne det sjå ut på Busnes med lys i nausta og folk i støa. Ho peika på paradokset med 10-tusenvis av tomme sjøhus der infrastrukturen er på plass, samstundes som debatten rasar om nedbygging av natur og bygging av nye hyttefelt i fjellheimen.

Kunstig intelligens, KI har eit anna syn på korleis Busnes burde utviklast. Det er slike tilstander Statsforvaltaren trur utviklinga i strandsonen vil bli! For å vera på den sikre sida seier Statsforvaltaren og kommunane nei til all ny bruk av gamle sjøhus. Øygarden kommune har lagt føringa korleis ein kan bruka nausta. I dei nye føresegnene til arealplanen 2027-2039 er regelen slik: «Det er ikkje tillate med innreiing for opphald og overnatting, med unntak av eit enkelt toalettrom.» Vert dette gjennomført vert det ikkje mange ungdomar ein vil sjå ved sjøen dei neste 12 åra!!

Gamalt grindanaust vart Museumsnaust og fekk namnet «HOPAHAVE»

Helga 19.og 20. september var det Hopetreff for opne trebåtar og offisiell opning av Museumsnaustet Hopahave. Ei fin samling tross litt rusje haustvær. Begge dagane vart det tur utpå for å dra line, snik, garn og teiner, og der vart fangst av mange artar.

Her er ei samling av mange av dei gjenstandane som fiskarane måtta ha for å få fangst, og mykje av reiskapen laga dei sjølv. Meir om Hopetreffet kan du lesa i oppslagstavla til Vestnytt. Sjåhttps://www.vestnytt.no/oppslagstavla/n/16lErl/kystkultur-og-museumsopning-i-sangoltshopen

Ny oppsummering over naust som er komen i ny aktivitet.

Medlemer og andre som støttar arbeidet til Nytt i Naust driv jamnt på med restaurering av naust, men også med andre aktivitar i strandsona. Noko meiner at dette er privatisering av strandsona, våre medlemer meiner sterkt at dette er vitalisering av kystkulture. Vil du sjå kva medlemane driv med så sjå herhttps://naust.org/wp-content/uploads/2026/08/03-Pdf-Oppsummering-www.naustorg-Naustprosjekt-2012-2026-versjon-2.pdf

Tid for smøring av naust og båtar.

Nysmurt grindanaust, bygd ein gong på 1800-talet. Restaurert og bygd oppatt i Sangoltshopen i 2022. Tak, grindverk og hunkledningen på langveggen er orginal, også trepluggane.

Frå demonteringa av naustet i 2010.

Årsmøte 9. mai 2026 i Handelsbua på Vorland, Sotra

Etter årsmøtesakene var avslutta hadde Odd Klepsvik eit innlegg om handelsbua, som var bygd på 1860-talet, og litt om dei andre handelsstadane i gamle Sund kommune. Ole Bakkebø fortalde om Fortidsminneforeninga  og om deira satsing på kystkulturen. Sverre Sangolt viste bilete og fortalde om restaureringa av handelsbua på Vorland, som starta i 2017. Mange kulturintressert hadde var med på møtet der det også vart server hjortegryte og kaffimat.

Les også om handelsbua på Hordaland fortidsminneforening si facebookside. https://www.facebook.com/FortidsminneforeningenHordaland/posts/pfbid02q59867jkhfLLV8BGygnVbaN7UenKLMQjbq2V16NFjNAymLyML75vuspuNmdnrjZml

Takk til NRK og Håvard Nyhus.

Her har Håvard Nyhus laga ein svært god artikkel. Spørsmålet er om «dei med makt » tar bodskapen innover seg. Dei kan i alle fall ikkje lenger seia at dei ikkje kjende til forallet i strandsona. Dette er det siste av ei lang rekke signal som er sendt til leiande myndigheitspersonar på alle nivå i offentleg forvalting. Fram til no har dei vore handlingslamma. Publisert 18.april 2026

Les saka her: https://www.nrk.no/vestland/xl/norsk-kulturarv-i-fare_-naust-og-sjohus-forsvinn-1.17773382

Restaurering av ei saltebu vest i havet.

Ein engasjert kystkulturfamilie, som er medlem, satsa her stort. Denne saltebua med ei rik historie er no berga. Fagfolk, som står på riksantikvaren sine liste er i full sving med å montere stavar, betar, sneband og alt anna som må til for å få eit slikt praktbygg i ny bruk. Slik innsats står det respekt av.

2026

Bergen kommune går på eit nytt nederlag i strandsona

Asbjørn Lilletvedt vart tvinga til å riva naust og brygge. Etter ein lang strid måtte Bergen kommune på ny innrømma feil i sakshandsaminga i strandsona. Han fekk erstatning på 2,9 millionar kroner. Uansett har saka vore ein sto belastning over mange år.