Årsmøte 2018. Foredrag ved arkitekt Karoline Kalstveit i Bergen kystkultursenter, Sandviken.

 

Det vert halde årsmøte i Bergen kystkultursenter mandag 5. mars. Adr. Sandviksboder 15-17.

Kl. 1830 vert det foredrag ved arkitekt Karoline Kalstveit, OPA FORM.

Karoline Kalstveit er utdanna arkitekt ved Bergen Arkitekthøgskule (BAS) og ETSAB – den tekniske høgskulen i Barcelona.
I 2015 leverte Kalstveit diplomoppgåva si på BAS, som omhandla grenda Unstad i Lofoten. Oppgåva undersøker nye måtar å bygga på innmarka – i grenseland mot strandsona i bygda, med grunnlag i ei grundig undersøking av eksisterande byggeskikk med naust, låvar, hus og sosiale relasjonar.  For oppgåva fekk Kalstveit Statsbygg sin studentpris og utmerking for «eineståande kvalitet» frå sensorane.
I dag jobbar Karoline som arkitekt ved OPA FORM arkitekter i Sandviken, der ho mellom anna teiknar naust, bustadar og er involvert i utviklinga av Hjeltefjorden Arena i Øygarden. Ho har tidlegare jobba som journalist i NRK Rogaland og Hordaland radio.
På møte vil Kalstveit visa diplomoppgåva si frå Unstad i Lofoten. Ho vil og gjerne vera med på å diskutera korleis ein bygger naust i dag: Korleis har omgrepet naust endra seg med tida, og korleis kan ein gå krav og regelverk i møte på ein god måte?
Møt opp, vern om kystkulturen!!!!