Nytt i Naust delte ut Naustpris 2016. Den eine gjekk til Narve Nipen og naustet i Telavåg. Etter mange års med arbeid var han våren 2016 klar til å ta i mot gjestar. Ved bruk av nettstaden «www.airbnb.no» fekk han i løpe av sumaren gjestar frå heile verda.
Alle har sine meiningar og synspunkt og gjestane frå Madrid likte seg godt , men syntest at plasseringa av naustet heilt frame ved vannkanten var heilt idiotisk.
Den andre naustprisen gjekk til Reidar og Kari Haukeland og nauste deira i Haukelandsvika. Ei flott restaurering der dei utvendige estetiske kvalitetane er ivareteken somstundes som dei har svært god utnytting av arealet innvendig. her er plass bade til overnatting og selskap. Det kan dekkast til ca 50 personar i fyrest høgda. Nauste har ikkje veg fram og det står stor respek av dette arbeidet. Nytt i Naust gratulerer.