Tiårsjubileum og årsfest på søre Sotra.

Gavlabåten Duen på 32 fot frå 1947 vart restaurert i 2024.

Dagen starta med lunsj på ungdomshuset Vaagheim i Skogsvåg. Stortingsrepresentant Ove Bernt Trellevik drog linene frå dei gode intensjonane i Grunnloven paragraf 112 til dagens detaljstyring. § 112 seier at «Alle har rett til eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og mangfaldet blir haldne ved lag. Naturressursane skal disponerast ut frå ein langsiktig og allsidig synsmåte som tryggjer denne retten òg for kommande slekter.»

Han viste vidar til kven som ville ha eit ord med i laget, det var Statsforvaltaren, Fylkeskommunar, kommunar , direktorat, forskjellige tilsyn og riks og fylkesantikvaren» I byråkratiet har dermed den gode intensjonen i denne lova over tid utvikla seg med «Forskrifter, rundskriv, planretningsliner, kommunal planlegging med detaljert føresegner». Så var diskusjonen i gang, kva må gjerast? Stunda der vart avslutta med filmen Kval I Våg, ein film om den historiske kvalfangsten der bygdafolket brukte armbrøst og bakterieinfiserte piler til å få livet av vågakvalen.

Turen gjekk så til Sangoltshopen for å sjå på naustmiljøet der. Vidare til Limevågen til naustet der. Det fungerer framleis, og ser ut som eit naust, men det er laga til for overnatting i 2. høgda.

På Steinsland gjekk folke om bord i den nyrestaurerte gavlabåten Duen og hadde ein flott ettermiddagstur til Vorland og Handelsbua der. Vidare langs nausta ved Kausland og ut til handelsstaden Glesvær.

Her har det vore liten aktivitet. Det må ei endring til i lovverket slik at ein kan få ny aktivitet i gamle naust.

På Steinsland vart det omvising i eit naust som var fylt med historiske gjenstandrer. Kvelden vart avslutta med festmiddag i naustet til Kjell og Anita. Dei fekk i år ein velfortjent naustpris.