Stortingsrepresentant Odd Harald Hovland for Ap kom på årsmøte om delte sine utfordringar om arbeidet med strandsona.
Her er Naustforeninga sin konklusjon etter årsmøte.
Naustelaget må følge opp og synleggjere flotte og byggjande restaureringstiltak – det vere seg næring eller bustad – som vert realisert i Vestlandskommunane.
Og så må vi også synleggjere planprosessar eller enkeltsaker som er hinsides all fornuft gjennom aktiv bruk av lokalmedia og sosiale media. Så må vi dyktiggjøre søkjarar i det å bygge opp gode søknader og gode saker.
Og så må vi bygge alianser med organ/lag/etatar som vi har felles interesse med. Til dømes kulturminnesektor både lokalt og på fylket, turforeninger, Forbundet Kysten osv.
Vi har ei god sak : Riksantikvaren meiner at kystkulturen bokstaveleg rotnar på rot. Det er ein viktig nasjonal aktør – som diverre sålangr har hatt fokus på bondekulturen. Men no har dei oppdaga forfallet : 70 % av bygningsmassen er i faresonen.
Men nausteflokken har ikke eit bondelag til å ivareta interessene sine overfor myndigheiter og finansieringssystem. Og fiskeri- og laksemilliardærane som burde sjå kva som er i ferd med å skje, er vel mest opptekne av å telle pengane i i pengebingen sin ?