Notat

Bua ved Vorlandsjøen – eit kulturminne me må ta vare på

I 1860-åra reiste det seg ved  Vorlandsjøen eit naust som var større enn dei gamle sjøhusa. Sjøbuene som hadde stått der lenge,  låg gjerne innst i vika, godt inn på tørre landet og berre med den eine sida ut mot sjøen. No kom det eit ruvande byggverk,  høgreist på ein grunnmur som gjekk langt ut i sjøen.  Bygnaden  skulle ikkje først og fremst stikka seg fram – sjølv om det var det han gjorde, men for å få tilkomst så og seia på alle sider. Den gongen var sjøen sjølve ferdsels vegen. Plasseringa av nyenaustet vart gjort slik at fleire farkostar kunne landa samstundes. Her skulle det bli råd å fortøya  feringar og større båtar på tre sider av naustet.  Når ein så først hadde hyra inn murarar som kunne mura under  vatn,  laga ein like godt ein pir, ei smal bryggje, som gjekk nokre meter lengre ut framom naustet. Dermed kunne ei seilskute og leggja til lands om det var naudsynt.

Nybygget hadde  stort loft med god høgde under taket. I den nordvestre enden var det utstikk for vinde, og på langsida mot sør var det ark. Loftet fekk såleis mykje plass.  I daglegtalen, også den dag i dag,  er det ingen som kallar naustet anna enn bua. Slik har gamlenausta alltid vorte nemnde. Det tilseier  at her har det stått buer frå gamal tid der garn og fiskevelde har blitt husa. Fiske og fangst var den viktigaste levevegen i hundreår etter hundreår her på kysten ut mot havet.

Til og med eigarane og drivarane av nyenaustet har på folkemunne i alle år gått under namnet: Mons på bua, deretter sonen Nils på bua og så ein soneson som og vart heitande Mons på bua. Den første «Monsen» hadde store planar. Han ville starta landhandel og prøva gjestgjevarrolla, og etter kvart mangt anna. Samfunnsinteressert var han og.

Bua må vera oppført i året 1866. Huset vart nemleg branntrygda ein av dei første dagane i januar 1867. Ho er i branntakstprotokollen omtala som eit grindverksbygg der høgda mellom golvet og  bjelkelaget til loftet var 2,7 meter . Dei utvendige måla var 13,2 meter langt og 8,4 meter breitt. Loftet gjekk over heile bygget, og der var det innreida rom for krambu pluss fleire rom som nok var tiltenkt plass for gjestgjerstad.

Byggherren og den første eigaren var Mons Nilson Vorland. Han var fødd i 1840 og døydde 1919. Kona var Astrid Knutsdotter Trellevik fødd 1841 og døydde 1920. Dei gifta seg i 1867. Mons følgde ikkje tradisjonen å bli fiskar, slik det var vanleg på våre kantar den gongen. Han må tidleg ha satsa alt på å kunna driva handel. Hausten 1862 finn me han som krambudreng på Glesnesholmen – det kjende fiskeværet Glesver som var eit kremmarsetet drive med kongeleg privilegium frå 1600-talet. I 1864 var Mons  handelsbetjent hjå Jan Pettersen i Kvalvågen (Stolmen, Austevoll kommune). Pettersen dreiv og trelasthandel.  Frå begge desse stadene la han fram fine attestar med gode vitnemål. Desse attestane låg som vedlegg til søknaden om å få handelsbrev og deretter skjenkeløyve frå fylkesmannen.

Mons Nilsen Vorland fekk innvilga handelsbrevet han søkte om. Frå 1857 vart det ei lita opning for futen til å skriva ut handelsbrev på særlege vilkår. Ordninga med handelsbrev vart vel ti år seinare   utvida og handelen vart friare. Den nye lova av 26.05.1866 ga på nærare fastsette vilkår løyve til fritt vareutsal  for landhandlarar. Og det kom mange landhandleri i kjølvatnet av denne lova.  I protokollen over innvilga handelsbrev  i Sund kommune står Mons Nilsen som den første.  Han er innført i protokollen 23.03.1868, men det seiest at han kom i gang alt i 1867. Kan hende var det som gjestgjevar han starta først, og det kunne godt  vera i 1867.

Bua ved Vorlandsjøen vart eit viktig knutepunkt. Frå gamalt gjekk kyrkjevegen frå den vestre delen av Sund kommune over Vorland. Frå Kausland og gardane innover i Austefjorden kom folk roande i færingar og landa ved Vorlandsjøen, for så å gå vidare austover gjennom utmarka og fjella til Sundkyrkja. Så i 1860-åra auka trafikken. Folk kom oftare roande til Vorlandssjøen. Landhandelen vart ein lokal magnet.  Her møttes så og seia alle. Her fekk dei tak i alt dei trengte til livsopphaldet, grovsalt og det dei elles måtte skaffa seg til sjøbruk og gardsbruk.

Mons på bua vart ein hanelsmann  det gjekk godt for. Vareutvalet vart utvida år for år. Til slutt var det mest ingenting ein ikkje fekk handla her både av daglegvarer, tobakk, steintøy og den slags, isenkram og alt til fiske og fangst. Fleire av distriktet sine notlag starta sesongen her hjå Mons på bua med proviantering og utrusting.

Når sildefisket og fiskeria tok seg opp mot slutten av 1800-talet vart det meire aktivitet i naustet. No etablerte han sildesalteri og fiskemottak. Det skapte nye arbeidsplassar. Særleg vart det mange kvinner som tene nokre ekstra kroner med sortering og salting av sild.

Rett før den første verdskrigen kom det brevhus med adressa Vorlandsjø. Det heldt til på bua. I 1919 vart brevhuset utvida til postopneri. Posten og krambua flytta seinare opp i bustadhuset til Mons rett ovanfor naustet.

Tidleg på 1900-talet vart plassen framfor naustet utvida med kai slik at rutebåen «Vatlestrraumen» kunne leggja til . Dampbåtrute starta så tidleg som i 1890. Men før kaien kom måtte dampen bordast.

Mons Nilson sat to periodar som ordførar i Sund kommune (Sund og Austevoll første gongen). Først fekk han dette ombodet i 1872 og vart vald på ny i 1892.

Konklusjon:

Dette korte utdraget om gründeren Mons på bua gjev nokre glimt frå korleis viktige deler av bygdelivet vaks fram på våre kantar for hundreogfemti år attende. No er det i stor grad stille på desse gamle samlingsplassane. Såleis og ved Vorlandsjøen. Men no er ideen og  viljen der til å ta vare på Bua som har så mange historier å fortelja. Med dugnad og økonomisk støtte kan denne bygnaden verta teken berga for framtida. Aktiviteten innandørs har skifta frå tidsepoke til tidsepoke, men den fysiske bygningsmassen står der og plassen ligg der. Han må ikkje «rota på rot»? Dette er eit av dei få bygga og miljøa som framleis kan reddast  frå forfall. Dette kulturminnet må få leva vidare.

Håkonsund, 26. juni 2017

Odd Klepsvik

(tidlegare medlem i bygdeboknemnda for gards- og slektsoga Sund på Søre Sotra)

Skrive på oppfordring frå Naustforeininga Nytt i Naust ved Sverre Sangolt i samband med søknad til Kulturminnefondet om midlar til reperasjon av tak, glas og veggar.

På grunnlag av dette dokumentet løyvde Fondet kr 38000.- som må nyttast i 2017.

 

 

 

 

2015

 

Naustforeninga Nytt i Naust har laga eit rettleiingshefte for deg som ynskjer å ta bygningar i strandsonen i bruk:

Rettleiingshefte versjon 2015