Vedtekter

FOREININGA SINE VEDTEKTER:

§ 1 FOREININGA SITT NAMN
Foreininga sitt namn er Naustforeininga nytt i naust, og med adresse 5382 Skogsvåg

§ 2. VISJON OG FORMÅL

§ 2.1 Visjon:
Foreininga har som visjon å medverke til sikring av særpreget, kulturmiljøet og kulturminna i strandsona. Dette skal skje gjennom å ta bygningane i bruk til næringsverksemd og ny aktivitet for å skape motivasjon og drivkraft for bevaring og bærekraft.

§ 2.2. Formål
Foreininga skal være eit nettverk for eigarar av bygningar i og nær strandsona, og fremje saker overfor myndigheiter og andre interessentar på vegne av medlemmane.
Arbeidsfelt for foreininga:
• Myndigheitspåverknad – politisk påverknad på prioriterte område
• Samarbeide innan produktutvikling og marknadsføring
• Rådgjeving
• Forsking, kunnskapsdeling, erfaringsutveksling og nettverksbygging
• Møteplass for medlemmene, næringsliv og forvaltninga
• Utdeling av prisar
• Sosialt samvær
• Kommunisere på vegne av medlemmene med forvaltninga i kommunane, fylkeskommunen og Fylkesmannen
• Finne realistiske moglegheiter og mål for næringsverksemd i bygga

§ 3 JURIDISK PERSON.
Foreininga er ein sjølveigande og frittståande juridisk person med upersonleg og avgrensa ansvar for gjeld.

§ 4 MEDLEMSSKAP

§ 4.1 Deltaking i foreininga er opent for eigarar av bygg i strandsona og andre interesserte
§ 4.2 Søknader om deltaking i foreininga vert vedtatt av styret.

§ 4.3 Medlemmer som motarbeider eller medverkar til å undergrava foreininga sin visjon og formål kan ekskluderas etter vedtak på årsmøtet.

§ 5 RETTIGHEITER OG PLIKTER

§ 5.1 Medlemmene har møte-, tale-, forslags- og stemmerett på årsmøtet. Dei er valbare til styret.
§ 5.2 Medlemmer mottar informasjon om foreininga sine saker og aktivitetar. Dei kan bruke foreininga sitt kontaktnett og kompetanse, samt delta på møter, høyringar, kurs som foreininga arrangerer.

§ 5.3 Kontingent og frist for betaling av denne vert vedtatt av årsmøtet.

§ 6 ÅRSMØTET

§ 6.1 Årsmøtet er foreininga sitt høgaste organ og vert halde innan 1. mai kvart år.

§ 6.2 Årsmøtet er opent for medlemmer og andre som styret inviterer.

§ 6.3 Skriftlig innkalling til årsmøtet vert sendt ut seinast 1 månad før møtet. Innkalling skal innehalde tid og stad for møtet, kva vedtektene seier om dagsorden, frist for innsending av forslag til møtet og orientering om styremedlemmer som står på val.

§ 6.4 Skriftlige forslag til saker på årsmøtet, forslag på kandidatar til valkomiteen skal være sekretariatet i hende seinast 3 veker før årsmøtet.

§ 6.5 Dagsorden med sakspapir, inkl. valkomiteens forslag, sendes alle medlemmer og støtte-medlemmer innan 2 veker før årsmøtet.

§ 6.6 Stemmeføre på årsmøtet er ein representant frå kvart av medlemmene.

§ 6.7 Når årsmøtet er innkalla i tråd med vedtektene, er møtet vedtaksfør med talet på medlemmer som møter.

§ 6.8 Årsmøtet skal handsama desse sakene:
a) Innkalling
b) Dagsorden
c) Val av ordstyrar og referent
d) Val av to representantar til å underteikna protokollen som sekretariatet skriv
e) Årsmelding
f) Rekneskap
g) Styret si orientering om nye medlemmer
h) Innkomne forslag frå medlemmene
i) Styrets forslag til årlig plan.
j) Styrets forslag til fleirårig strategi.
k) Forslag frå styret som ikkje er dekka av årlig plan.
l) Styrets forslag til budsjett og kontingent
m) Forslag til vedtektsendringar
n) Val av styre
o) Val av rekneskapsførar og revisor
p) Val av valkomité

§ 6.9 Vedtektsendringar og eksklusjon gjerast med 2/3 fleirtall av de frammøtte stemmeføre representantane. Andre vedtak krev alminnelig fleirtall, dvs. meir enn halvparten av stemmene. Blanke stemmer tel ikkje. Val føregår ved skriftlig eller munnleg stemmegiving. Forslag som ikkje er sendt sekretariat eller valkomiteen på førehand i tråd med vedtektene, godtas ikkje.

§ 6.10 Når halvparten av styret sine medlemmer eller 1/3 av medlemmene krev det, kallast det inn til ekstraordinært årsmøte. Ekstraordinære årsmøter kan ikkje sluttbehandle vedtektsendringar. Ekstraordinært årsmøte kan haldast ut frå same reglar som ordinære årsmøter.
§ 7 STYRET

§ 7.1 Styret vert valt av årsmøtet etter innstilling frå valkomiteen, blant dei kandidatar som medlemmene peiker ut for ein periode på to år, der halvparten står på val kvart år. Leiar vert valt separat på årsmøtet. I tillegg vert det valt inntil tre vararepresentantar i prioritert rekkjefølgje.

§ 7.2 Styret består av to-fire medlemmer og inntil tre vara medlemmer i tillegg til styreleiar. Samansetninga av styret skal så langt som mulig reflektere breidde og kjønnsfordeling mellom medlemmene i foreininga.

§ 7.3 Styret skal:
a) Utarbeide til årsmøtet forslag til fleirårig strategi og rammeplan for dei år det er aktuelt og årlig plan samt budsjett
b) Setja i gong dei vedtekne planane innanfor vedtekne budsjett
c) Syte for at rekneskapen blir ført og revidert på forsvarlig vis
d) Utarbeide til årsmøtet årsmelding og årsrekneskap
e) Førebu saker til årsmøtet
f) Førebu behandling av søknader om å bli medlem foreininga for årsmøtet
g) Handsama søknader om prosjekt, vedtekne strategi og rammeplanar og årlig planar
h) Sjå til at sekretariatet leverer resultat i samsvar til vedtekne mål.
i) Velje representantar frå foreininga til offisielle delegasjonar og arbeidsgrupper
j) Velje sekretariat
§ 7.4 Styremøta vert leia av styreleiar eller nestleiar i hans/hennar fråvær.

§ 7.5 Sekretariatet er sekretær for styret. Det skal lagast skriftlige referat frå alle styremøter.

§ 7.6 Styret er vedtaksfør når minst halvparten av medlemmene er til stades, deriblant leiar og/ eller nestleiar. Vara medlemmene har møterett til alle styremøta.

§ 7.7 Stemmegjeving vert avgjort med alminnelig fleirtall. Styreleiar har dobbel stemme ved likt stemmetal.

§ 8 SEKRETARIATET

§ 8.1 Til å gjennomføre dei vedtak som vert vedteke i styret og årsmøtet kan foreininga velje eit sekretariat.

§ 8.2 Sekretariatets hovudfunksjon er å:
a) Følgje opp styret sine vedtak og politiske mål
b) Koordinere arbeidet innan ulike vedtekne satsingsområde.
c) Syte for god intern kommunikasjon mellom foreininga og medlemmer
e) Ha kontakt med forvaltninga og nettverk

§ 9 VALKOMITEEN

§ 9.1 Valkomiteen består av to medlemmer, samt eitt vara medlem frå medlemmene. Valkomiteen konstituerer seg sjølv.

§ 9.2 Styret set fram forslag til årsmøtet om samansetjinga av valkomiteen på grunnlag av forslag frå medlemmene. Alle innkomne forslag frå medlemmene skal presenteras for årsmøtet.

§ 9.3 Valkomiteen legg fram innstilling til styremedlemmer, nestleiar og styreleiar for årsmøtet.

§ 10 FULLMAKT OG PROKURA

Styreleiar og sekretariatsleiar signerer for organisasjonen kvar for seg. Sekretariatsleiar vert gitt prokura.

§ 11 OPPLØYSNING AV FORENINGA

§ 11.1 Eventuell oppløysning av foreininga må gjerast av to påfølgande årsmøte, kor eitt er ordinært. Endelig vedtak om oppløysning er gjort når minst 3/4 av dei stemmeføre på årsmøta har stemt for. Ved opphøyr av foreininga vel årsmøtet eit avviklingsstyre. Det ordinære styre kan veljast til avviklingsstyre, og får stilling som avviklingsstyre dersom det ikkje er valt eit anna avviklingstyre. Ved foreininga sitt opphøyr, vert organisasjonen sine midlar gitt til allmennyttig arbeid for kystkulturformål etter avviklingsstyret si avgjersle.