
Naustforeininga Nytt i Naust ynskjer medlemmar og andre interesserte velkomne til Oselvarverkstaden på Osøyro, torsdag 23.april 2015 kl. 18.00. I tillegg til vanlige årsmøtesaker vert det omvisning på verkstaden.
http://www.oselvarverkstaden.no/
Fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd og Roger Iversen
Tysdag 3. mars 2015 hadde Naustforeininga Nytt i Naust samling på Nøsteboden i Bergen. Asbjørn Stavland ynskte velkomen til samling. Eva Røyrane heldt eit godt føredrag om boka Norges Låver som ho har laga saman med Oddleiv Apneseth. Det var nausteigarar og andre sympatisørar frå Austevoll i sør til Radøy i nord. Frå Bømlo var det ingen som nådde fram, då vegvesenet «la hindringar i vegen». Nausteigarane prata om planane dei hadde med nausta sine. Ole Bakkebø frå Fylkesmannen og Per Morten Ekerhovd frå Fylkeskommunen var med. Me fekk servert fantastisk god fiskesuppa med blåskjel og godt brød. Roger Iversen fortalde om arbeidet han hadde hatt med restaurering av Nøsteboden og fruen varta oss opp etter alle kunstens reglar. Det var kyst-quiz der ordføraren i Radøy gjorde det skarpt. Kvelden vart avslutta med omvisning i boden. Ein triveleg kveld.
Tysdag 3. mars kl. 17:30 var det samling i Nøsteboden i Bergen.
Påmelding til post@naust.org
Har du eit naust som tørstar etter ny aktivitet? Naustforeninga Nytt i Naust sitt rettleiarhefte er no tilgjengeleg.