På årsmøte utvekslar Inger Helene Øvrebø frå Solund og Anita Fedøy frå Bulandet informasjon om kva som skjer i nausta ytterst på vestlandskysten. Inger Helene hadde innlegg om naust og kulturmiljø i Solund kommune. Eit større prosjekt er her under oppsegling. Foreininga Nytt i Naust har tiårsjubileum i år og har i desse åra markert seg, og sett dagsorden fleire stader der makta er samla.