Museet har hatt arkitektkonkurranse og «Naust» gjekk ut med 1. plassen.
Me gratulerer.
Sjå link.
http://www.statsbygg.no/Prosjekter-og-eiendommer/Byggeprosjekter/Vikingtidsmuseet/Vinnere/vinner1/
http://www.midtsiden.no/som-koyra-ei-gravemaskin-til-sjoen-og-la-ho-rusta
Osingane møtte mannsterke opp på årsmøte til Nytt i Naust som i år var i Oselvarnaustet. Ein presentasjonsrunde rundt bordet viste at der er brei interesse for kystkultur, naust og næringsinteresser i strandsona. Om ein klarar å slå kreftene saman og dra i samme retning, vil ein kunna oppnå resultater framover. Her møtte fram forfattarar, utbyggarar, arkitektar, historieintresserte, fiskarar og vanlege nausteigarar.
Etter årsmøtesakene vart der ein livleg diskusjon om fortid , notid og framtid i strandsona. Kombinasjonen mellom det gjennomregulerte samfunnet me har og dei store variasjonane i bygningsmassen i strandsona, gjer det til tider svært vanskelegt å nå fram hjå offentleg mynde. Dette er ei utfordring Nytt i Naust vil arbeida vidare med.
Årsmøte ynskjer alle lukke til ved vårarbeidet i fjæresteinane.
I Os finn ein både Oselvarverkstaden og Oselvarnaustet, årsmøtet finn stad i Oselvarnaustet, det ligg lengst mot sør.
Alle er hjarteleg velkomne til årsmøte.
På det smale naustet i Os kommune er det no blitt spandert maling, ei noko spesiell maling. Mange andre naust står framleis uten maling og da held forfallet fram.
http://www.nrk.no/hordaland/na-har-norges-kanskje-smaleste-naust-blitt-et-kunstverk-1.12114466
Naustforeininga Nytt i Naust inviterer til ope møte om næring i naust. Regelverket i strandsona er strengt. Det kan oppstå store utfordringar når ein vil ta naust i ny bruk. Naustforeininga arbeider med desse problemstillingane slik at ein kan få ny aktivitet i strandsona.
Kom og sjå kva Richard Midttveit og Gisle Johnson har fått til i naustet sitt.
Enkel servering.
Timbervika i Telavåg. Her er no eit flott selskapslokale.
Dagen starta med matøkt på Nordsjøfartmuseet. Deretter samla me oss i auditoriet. Her var mellom andre Ove Bernt Trellevik som både lytta og fortalde. No skal mellom anna «Statlige planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsonen langs sjøen» reviderast. Naustforeininga vart invitert til å koma med synspunkt på denne.
Etterpå var det rundtur i Telavåg med inspeksjon av naust, både «varme og kalde» .
Kvelden vart avslutta med festmiddag for 25 personar i det nyrestaurerte naustet «Timbervika». Her var det både «Naustquiz, musikalske innslag og prisutdelingar.