«Nytt i Naust» fekk avtale med eigarane av Bua ved Vorlandsjøen som var bygd i 1866. God kystvener, unge og gamle tok ansvar, og naustet er no klar for nye 150 år.
Odd Klepsvik har skrive historien om Bua. Sjå under Notat.
Etter rundt 800 dugnadstimar var taket tett 12. desember 2017. Dei orginale glasa er til reparasjon og skal monterast i mars.Når lett ståltak skal monterast må der eit godt sutak til, spikra og skrudd. Naustet skulle då vera godt rusta når nye orkanar kjem inn frå vest. Arbeidet starta 19. oktober.
I andre høgda var den fyrste butikken (Bua) på Vorland. Der budde det også folk.
Før arbeidet starta. Vindehus og sperr hadde sige mot kaien, mange hol i tak og veggar. Naustet er bygd før 1867, mesteparten av kledning og reisverket er orginalt.