Nyoppstanden katedral i Alverstraumen!
Slik såg garveriet på Ytre Fosse før restaureringa starta i januar 2019.
Slik ser det ut hausten 2019. Fantastisk!! Bygginga starta i 1885 og rundt 1890 vart det god og jevn drift ved garveriet. Drifta stoppa opp på midten av 1930-talet. Oksehuder kom mellom anna frå Argentina. Etter andre verdskrigen var her sildesalting, tørrfisklager og anna fiskeforedling i nokre år.
Overnatting i naust.
Løyve til å bruka naustet til overnatting i Os kommune.
https://www.midtsiden.no/stor-usemje-pa-skeie-naust-eller-hytte?fbclid=IwAR0v8FAfa73MdoBBkUFMRWDMoN1I46-t4pgGjESqNGBRhWBanp7g37-W5tk
Naustet i Ersværvågen på Rekstern klart for nye 100 år!!
Nytt i Naust tar eit «tak» på Rekstern.
Naustpris til Trond Jarle Hansen
Handelsbua ved Vorlandsjø, bygd i 1867. Klar for nye oppgåver.
Alle dei gamle vindauga er reparert, original stand.
Slik var tilstanden ved Vorlandsjø før arbeidet starta i 2017.
Årsfest på Tofterøy i Sund 2018
Fotoutstilling på Glesvær
Nytt i Naust hadde eit godt arrangement i samarbeid med Kystsogevekene. Det fine lokalet i «Nyanaustet» har stort potensiale.Rundt 70 besøkande fekk med seg fotoutstilling, skodespel om brugdefangsten og presentasjon av boka Naust. Så fekk Atle Tellnes Johannes Kleppevik minnepris for 50 års innsats for kystkulturen.
Ta turen til Glesvær søndag 16. September.
Kl 1200 Offisiell opning.
Bileteutstilling. Naust i naust.
Kl 1400 Foredrag om praktboka Naust ved Trond Jarle Hansen
Kl 1500. Teaterstykke. Brugdefangsten. Risikosport anno 1770. ved Jan Tufteland, Johan Tufteland og Kjell Magnus Økland.
Kl 1600. Naustkonsert ved Halvard Sangolt og Vivian Steinsland. Utdeling av Johannes Kleppevik Minnepris 2018.