«Ein våg me veit um» heiter boka som fortel alt om bygningar og folka rundt Mjøsvågen. http://www.kom-an.no/media/166126/Invitasjon-til-bokslepp.pdf Nytt i Naust hadde ein særs vellukka årsfest der. Her var omvisning i kisteverkstader, treskoverkstaden, smia og møbelfabrikk, alle frå eldre tider. Sjølve festen var i lokala til Mjøsvågen Landhandleri A/S. Den gule bygningen var kommunehuset i gamle Hosanger kommune.
I 1954 vart det arbeidskonflikt ved treskoverkstaden. Drifta stoppa, eigaren låste døra og gjekk. Treskoa på bilete er eit tidsminne frå den dagen i 1954. Inge Rune Fanebust fekk starta opp att verkstaden rundt år 2004. Den er i dag driven av Osterøy museum.