5-årsjubileum og seminar i Bergen Kystkultursenter, Sandviksboder. Fylkesordførar for Vestland, Jon Askeland frå Radøy, hadde eit inspirerande innlegg. Andre innlegg var ved: Kari Larsen frå Riksantikvaren, Ove Trellevik frå Stortinget, Andreas Espeset plansjef Flora kommune, Sverre Sangolt leiar i Foreininga, Egil Sunde om Bergen Kystkultursenter, Lars Knut Aarland og Knut Are Dyrdal fortalde om naustprosjekt i Austevoll, Vidar Ulriksen Fiskeridirektoratet oppsummerte dagen som vart leia av Anita Fedøy frå Nausforeininga Nytt i Naust. Der var over 40 personar som hadde sette av dagen med fokus på utvikling og ny aktivitet i strandsona. Der vart også del ut Naustpris 2019 for godt engasjement på alle nivå i strandsona.