
Ole Bakkebø hadde i oppgåve og vitja kommunar på Vestlandet. Rapporten han laga vart lagt vekk av Statsforvaltaren då dei kanskje ikkje likte det som kom fram der. BT klarte etter mykje strev å få innsyn i rapporten. BT hadde ein artikkel om dette 17. november. Den kan du lese her.
Tysnesbladet skreiv også om saka, det kan du lese her.
Kommunal Rapport, nyheter for heile kommune Norge skreiv også korleis den nye Statsforvaltaren i Vestland ser på detaljstyring av kommunane. Dette kan du lese om her.
Naustforeininga Nytt i Naust er ansvarleg for gjennreisinga av dette grindanaustet som vart demontert i 2010. Naustet var godt brukt så der er nye sperrer og kledning på tre veggar. Langveggen på bilete er orginal og festa med trepluggar. Helletaket og rundt halvparten dei ca 650 dugnadstimane er utført av ungdomar. Arbeidet er støtta av Sund sogelag, Øygarden kommune, Vestland fylkeskommune og Kulturminnefondet.
Sjå link til rapport. http://naust.org/?attachment_id=552
Stortingsrepresentant Odd Harald Hovland for Ap kom på årsmøte om delte sine utfordringar om arbeidet med strandsona.
Her er Naustforeninga sin konklusjon etter årsmøte.
Naustelaget må følge opp og synleggjere flotte og byggjande restaureringstiltak – det vere seg næring eller bustad – som vert realisert i Vestlandskommunane.
Og så må vi også synleggjere planprosessar eller enkeltsaker som er hinsides all fornuft gjennom aktiv bruk av lokalmedia og sosiale media. Så må vi dyktiggjøre søkjarar i det å bygge opp gode søknader og gode saker.
Og så må vi bygge alianser med organ/lag/etatar som vi har felles interesse med. Til dømes kulturminnesektor både lokalt og på fylket, turforeninger, Forbundet Kysten osv.
Vi har ei god sak : Riksantikvaren meiner at kystkulturen bokstaveleg rotnar på rot. Det er ein viktig nasjonal aktør – som diverre sålangr har hatt fokus på bondekulturen. Men no har dei oppdaga forfallet : 70 % av bygningsmassen er i faresonen.
Men nausteflokken har ikke eit bondelag til å ivareta interessene sine overfor myndigheiter og finansieringssystem. Og fiskeri- og laksemilliardærane som burde sjå kva som er i ferd med å skje, er vel mest opptekne av å telle pengane i i pengebingen sin ?
Dette gamle kvite naustet vil eigaren oppgrada med vindehus og inngang frå parkeringsplass i andre høgda. Kommunen snudde etter avslag i fyrste runde, men Statsforvaltaren seier nei. Saka er anka til settefylkesmann.
Dei estetiske kvalitetane vert også heva med ei oppgradering.