
Forfatter: admin
Kurs i grindabygging

Asbjørn Stavland har saman med instruktør Oddbjørn Borge arrangert kurs i Hardanger. Fleire av medlemane i Nytt i Naust var med på kurset som gjekk over to økter.
«Oddbjørn Borges metode» la spesiell vekt på den trinnvise framgongen. Dette er viktig for å få flyt i arbeidet og ein unngår dobbelt arbeid. Det vart utdelt kursbevis og ei solid kursmappe som vil vera til god hjelp når kursdeltakarane start opp nye prosjekt.
Årsmøte 2023.

Årsmøte var i Universitetet i Bergen sine lokaler på Marineholmen. Martin Skrede fortalde om juridiske utfordringar i strandsona og rettsakene dei fører om bryggesakene på Hjellestad.
Barbro Sulebakk hadde eit engasjerande innlegg om naustet dei har restaurert på Flatøy. Her er no rundt hundre ungar og ungdomar innom kvar veke og styrer med song og musikk. Fleire talent frå dette naustet har vore med i Junior Grand Prix.
Årsmøte 2023. Marineholmen.
Det er bruk for oss i Naustforeininga Nytt i Naust
Statsforvaltar Liv Signe Navarsete med julehelsing til dei som likar seg i strandsona.

Ole Bakkebø hadde i oppgåve og vitja kommunar på Vestlandet. Rapporten han laga vart lagt vekk av Statsforvaltaren då dei kanskje ikkje likte det som kom fram der. BT klarte etter mykje strev å få innsyn i rapporten. BT hadde ein artikkel om dette 17. november. Den kan du lese her.
Tysnesbladet skreiv også om saka, det kan du lese her.
Kommunal Rapport, nyheter for heile kommune Norge skreiv også korleis den nye Statsforvaltaren i Vestland ser på detaljstyring av kommunane. Dette kan du lese om her.
Strilen har flott artikkel om Naustpris til ZingZang-naustet på Flatøy

I november var det årsfest og naustsamling på Bømlo.





Brev frå Nytt i Naust til Statsforvaltaren
Bømlo-nytt hadde artikkel om Hengjo i Mælandsvågen og arbeidet til NNN



