Forbundet Kysten og naust
Forbundet Kysten, med kontor i Oslo, har mottatt 10 millioner kroner fra Sparebankstiftelsen DNB til reparasjon av naust. Det er godt at fleire står på for desse bygningane. Det var her grunnlaget for landet sin velstand vart skapt.
https://www.facebook.com/ForbundetKysten/posts/3842956055725812
BA skriv om Stortinget og veiledar for bruksendring av naust.
Veiledar for bruksendring av naust. Nytt i Naust får sak opp i Stortinget.
Tysdag 24. november 2020 vert ein merkedag for gamle naust.
Etter mange års arbeid frå Nytt i Naust, går no Stortinget inn for at det skal utarbeidast ein veiledar for bruksendring av eldre bygg. Forslaget kjem frå Fremskrittspartiet, men det får full støtte av Arbeiderpartiet og regjeringspartia. 
Slik er teksten i Stortingsdokument. Kopi frå dokument
Stortinget ber regjeringen utarbeide en veileder for hvordan man kan ta vare på eldre bygg gjennom bruksendring til ny aktivitet.
Komiteens medlemmer fra Høyre, Fremskrittspartiet og Kristelig Folkeparti viser til at det har vært et prosjekt i Vestland som nå heter «Naustforeninga nytt i naust» og tidligere «ny næring i gamle bygg». Dette var for å lage en modell for å sikre at eldre bygg bygd for en annen tid kunne omgjøres til ny aktivitet slik at disse blir vedlikeholdt. Disse medlemmer mener at dette er en viktig problemstilling og ønsker at prosjektet blir vurdert til å danne inspirasjon for en nasjonal veileder for kommunene om å lettere få godkjent bruksendringer for å sikre formålet. Om regjeringen i dette arbeidet ser behov for lovendringer er disse medlemmer positive til å få forslag til lovendringer som lettere gjør det mulig å ta vare på kystkulturen.
Årsfest oktober 2020. Alverstraumen
Dagen starta med god betasuppe levert av Magnhild Dyrdal. Etterpå var det omvisning i den nyrestaurerte bygningen, Ytre Fosse garveri frå 1894. Eit prosjekt av dimensjonar, all ære til Helene og Tony Dale og familien deira, som har vore til uvurderleg støtte.
Mange var møtt opp for å sjå på denne store bygningen og det flotte restaureringsarbeidet.
Neste stopp var Nøtlevågen på austsida av Radøy. Her hadde det vore meieri og landhandel. Det var eit stort ishus, her lagra dei is som kunne kjøla mjelka om sumaren. Fjordabåtane frakta mjelka til kundar i Bergen. Naustet til venstre høyrde også til bygningsmassen som lutlaget disponerte. Drifta vart avslutta i 1954. Laget eksisterer enno og restaureringsarbeidet var i god gjenge.
Festmiddagen var i Bergen Skog- og Træplantingsselskap sine lokalitetar ved Fløysvingane.
Det vart delt ut to naustprisar i 2020.
Artikkel i avisa Marsteinen
Ferdigattest etter 17 år i Limevåg.
Gamalt notanaust på Kolltveit er redda.
Felleseige kan vera ein utfordring. Etter ein årelang prosess er no arbeidet med å sikra og ta nauste i ny bruk starta. Materialane til dette naustet kjem frå bybrannen i Bergen i 1916. Brannskada materialer å finna både i tak og veggar.


Bak murane ligg det store kar (tankar) som var ein del av garveprosessen av skinn, mellom anna frå Argentina. Drifta stoppa rundt 1940.





