Årsmøte 2023.

Det var god informasjon om kva som foregår i strandsona frå Martin Skrede og Barbro Sulebakk.

Årsmøte var i Universitetet i Bergen sine lokaler på Marineholmen. Martin Skrede fortalde om juridiske utfordringar i strandsona og rettsakene dei fører om bryggesakene på Hjellestad.

Barbro Sulebakk hadde eit engasjerande innlegg om naustet dei har restaurert på Flatøy. Her er no rundt hundre ungar og ungdomar innom kvar veke og styrer med song og musikk. Fleire talent frå dette naustet har vore med i Junior Grand Prix.

Statsforvaltar Liv Signe Navarsete med julehelsing til dei som likar seg i strandsona.

Liv Signe Navarsete meiner at Statsforvaltaren ikkje skal driva med detaljstyring i arealpolitikken. Dette er resultatet etter BT klarte å setje fokus på denne saka. Les heile artikkelen her.

Ole Bakkebø hadde i oppgåve og vitja kommunar på Vestlandet. Rapporten han laga vart lagt vekk av Statsforvaltaren då dei kanskje ikkje likte det som kom fram der. BT klarte etter mykje strev å få innsyn i rapporten. BT hadde ein artikkel om dette 17. november. Den kan du lese her.

Tysnesbladet skreiv også om saka, det kan du lese her.

Kommunal Rapport, nyheter for heile kommune Norge skreiv også korleis den nye Statsforvaltaren i Vestland ser på detaljstyring av kommunane. Dette kan du lese om her.

I november var det årsfest og naustsamling på Bømlo.

Rundt 15 medlemar var med på rundturen til forskjellige naustmiljø på vestsida av Bømlo.
I Uransvågen vart me mottat av ordførar Sammy Olsen. Som ung var han ein del av det yrandes livet i Uransvågen. Han fortalde livleg om dette og andre ramsalte historiar frå området. Dagen vart avslutta med festmiddag på den flotte Hengjo i Mælandsvågen. Havets delikatessebord vart levert av slekta til Nillo på Skjæret i Brandasundet. I Hengjo vart det oppsummering frå året og utdeling av naustprisar. Bømlo-nytt er å stola på, dei dekke Naustforeininga Nytt i Naust sitt arrangement. Det kan du lesa om her. Det vart delt ut tre naustprisar for prosjekt som har hatt ein lang kamp mot byråkratiet. Dei gav ikkje opp og har fullført prosjekt som styrker kulturmiljøet på kysten. Historiar lever vidare trass sterk motstand fra kommunar og ikkje minst fra statsforvaltaren.

Sangoltshopen. Grindanaustet frå midten av 1800-talet er gjennreist etter 12 år på lager.

Naustforeininga Nytt i Naust er ansvarleg for gjennreisinga av dette grindanaustet som vart demontert i 2010. Naustet var godt brukt så der er nye sperrer og kledning på tre veggar. Langveggen på bilete er orginal og festa med trepluggar. Helletaket og rundt halvparten dei ca 650 dugnadstimane er utført av ungdomar.  Arbeidet er støtta av Sund sogelag, Øygarden kommune, Vestland fylkeskommune og Kulturminnefondet.

Sjå link til rapport.     https://naust.org/?attachment_id=552