Norges Låver

På samlinga til Naustforeininga Nytt i Naust i Nøsteboden kom Eva Røyrane og hadde eit engasjerande innlegg om boka Norges Låver. Her kan du lesa litt om dette store prosjektet som Naustforeininga fekk høyra om.

Eva+Oddleiv+bok

DEN STORE LÅVEREISA.

 

NORGES LÅVER, boka om låven kom ut på SKALD hausten 2014 og to opplag blei utselde før jul.

Norges låver er ei praktbok som med heile 564 sider og over 1000 foto er det største verk som er laga om denne delen av norsk kulturhistorie. Boka fortel historia om den norske låven, det viktigaste uthuset i norsk landbruk, eit ikon i det norske landskap.

Fotograf Oddleiv Apneseth og journalist Eva Røyrane har reist gjennom alle fylke for å dokumentera det svært mangfaldige norske låvelandet. Med bonden sitt uthus som utgangspunkt, fortel dei landbrukshistorie og kulturhistorie, men også ei historie om Norge i dag.

Låven har vore landemerke i det norske kulturlandskapet i fleire hundre år og er eit signalbygg som viser den sentrale posisjonen bonden og landbruket famleis har her i landet.  Forfattar og fotograf har oppsøkt både særeigne og representative låvar landet rundt. Dei presenterer mangfaldet frå velhaldne til forfalne låvar og frå tradisjonelle til arkitektteikna låvar. Dei viser nyare tids spesialiserte driftsbygningar og gamle landbruksbygg som har fått nytt innhald gjennom nye former for næringsverksemd. Boka er såleis eit referanseverk som viser dei mange ulike geografiske variantane, dei arkitektoniske kvalitetane og kulturminneverdien til denne bygningen.

Norges låver er på same tid eit nasjonalt praktverk og lokalboka for heile landet. Boka samlar historia om ein viktig del av vår felles kulturarv, før den ikkje lenger lar seg dokumentere.

 

Oddleiv Apneseth

Oddleiv Apneseth (f. 1955) har vore fotograf i Bergens Tidende sidan 1980. I 1997 fekk han 2. premie i den verdsomfattande konkurransen World Press Photo, klasse Art. I tillegg har han vunne prisen for Årets bilde i Norge 1994 samt diverse andre norske presseprisar. Han var festspelfotograf for Festspillene i Bergen 2000 og 2001 og har vore med på mange bokprosjekt.

Eva Røyrane

Eva Røyrane (f. 1956) voks opp i Ølve i Kvinnherad på ein gard med raud låve. Som reportasje- og kulturjournalist i Bergens Tidende frå 1987 til 2013 har ho skrive mykje om bygdeliv, arkitektur og bygningsvern. Ho har blant anna også jobba ved NRK sitt distriktskontor i Sogn og Fjordane og som informasjonsmedarbeidar i Norges Bygdeungdomslag. Røyrane har tidlegare gjeve ut fleire bøker med lokal- og arkitekturhistorie som tema.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *