Hamnedagen er ein marknadsdag og festdag. I år var det rundt 800 som vitja nausta rundt hamna ved Kleppesjøen. Der var eit variert program der dei unge var i sentrum om dagen. Minneprisen for Johannes Kleppevik vart del ut og i år gjekk prisen til Audun Hausberg for han mangeårige arbeid med Galeasen Loyal.
Forfatter: admin
Vikingtidsmuseet (skip) på Bygdøy skal få nytt «Naust»
Sjå på Midtsiden.no
http://www.midtsiden.no/som-koyra-ei-gravemaskin-til-sjoen-og-la-ho-rusta
Årsmøte er unnagjort med suksess
Osingane møtte mannsterke opp på årsmøte til Nytt i Naust som i år var i Oselvarnaustet. Ein presentasjonsrunde rundt bordet viste at der er brei interesse for kystkultur, naust og næringsinteresser i strandsona. Om ein klarar å slå kreftene saman og dra i samme retning, vil ein kunna oppnå resultater framover. Her møtte fram forfattarar, utbyggarar, arkitektar, historieintresserte, fiskarar og vanlege nausteigarar.
Etter årsmøtesakene vart der ein livleg diskusjon om fortid , notid og framtid i strandsona. Kombinasjonen mellom det gjennomregulerte samfunnet me har og dei store variasjonane i bygningsmassen i strandsona, gjer det til tider svært vanskelegt å nå fram hjå offentleg mynde. Dette er ei utfordring Nytt i Naust vil arbeida vidare med.
Årsmøte ynskjer alle lukke til ved vårarbeidet i fjæresteinane.
Årsmøte onsdag 20. april. Oselvarnaustet kl 1830.
I Os finn ein både Oselvarverkstaden og Oselvarnaustet, årsmøtet finn stad i Oselvarnaustet, det ligg lengst mot sør.
Alle er hjarteleg velkomne til årsmøte.
På det smale naustet i Os kommune er det no blitt spandert maling, ei noko spesiell maling. Mange andre naust står framleis uten maling og da held forfallet fram.
http://www.nrk.no/hordaland/na-har-norges-kanskje-smaleste-naust-blitt-et-kunstverk-1.12114466
Årsmøte onsdag 20. april. Oselvarnaustet kl 1830.
Ope møte om næring i naust. Tysdag 16. februar kl 1800. Timbervika i Telavåg.
Naustforeininga Nytt i Naust inviterer til ope møte om næring i naust. Regelverket i strandsona er strengt. Det kan oppstå store utfordringar når ein vil ta naust i ny bruk. Naustforeininga arbeider med desse problemstillingane slik at ein kan få ny aktivitet i strandsona.
Kom og sjå kva Richard Midttveit og Gisle Johnson har fått til i naustet sitt.
Enkel servering.







