Sangoltshopen. Grindanaustet frå midten av 1800-talet er gjennreist etter 12 år på lager.

Naustforeininga Nytt i Naust er ansvarleg for gjennreisinga av dette grindanaustet som vart demontert i 2010. Naustet var godt brukt så der er nye sperrer og kledning på tre veggar. Langveggen på bilete er orginal og festa med trepluggar. Helletaket og rundt halvparten dei ca 650 dugnadstimane er utført av ungdomar.  Arbeidet er støtta av Sund sogelag, Øygarden kommune, Vestland fylkeskommune og Kulturminnefondet.

Sjå link til rapport.     https://naust.org/?attachment_id=552

 

Årsmøte 2022. Bergen Kystkultursenter.

Stortingsrepresentant Odd Harald Hovland for Ap kom på årsmøte om delte sine utfordringar om arbeidet med strandsona.

Her er Naustforeninga sin konklusjon  etter årsmøte.

Naustelaget må følge opp og synleggjere flotte og byggjande  restaureringstiltak – det vere seg næring eller bustad – som vert realisert i Vestlandskommunane.

Og så må vi også synleggjere planprosessar eller enkeltsaker som er hinsides all fornuft gjennom aktiv bruk av lokalmedia og sosiale media.  Så må vi dyktiggjøre søkjarar i det å bygge opp gode søknader og gode saker.

Og så må vi bygge alianser med organ/lag/etatar som  vi har felles interesse med. Til dømes kulturminnesektor både lokalt og på fylket,  turforeninger, Forbundet Kysten osv.

Vi har ei god sak : Riksantikvaren meiner at kystkulturen bokstaveleg rotnar på rot. Det er ein viktig nasjonal aktør – som diverre sålangr har hatt fokus på bondekulturen. Men no har dei oppdaga forfallet : 70 % av bygningsmassen er i faresonen.

Men nausteflokken har ikke eit bondelag til å ivareta interessene sine overfor myndigheiter og finansieringssystem.   Og fiskeri- og laksemilliardærane som burde sjå kva som er i ferd med å skje, er vel  mest opptekne av å telle pengane i i pengebingen sin ?