

Verdige vinnarar, der resultata vert å sjå i «evig» tid. Bøker og høsterettsdommar står seg godt, og kan takast fram og leggjast på bordet også i framtida.

2025
Eg ror min båt i ro og mak, med jamne seige åretak dit naustet står og ventar.
Alt lever kring med der eg ror, eg høyrer det i djupet gror, det boblar stilt og kokar. Eg nikker nøgd og tenkjer mitt; at no får fiskarmannen sitt på garn og linekrokar.
Frå diktsamlinga «Det kveldar på Kobbeskjer» Jakob Sande

Fotograf Oddleiv Apneseth og forfattar Eva Røyrane i «Rommet» på Kjødehallen ved Dikkedokken på Nøstet i Bergen den 11. november 2025.
Dei har laga ei fantastisk flott bok om naust på strekninga fra Lindesnes til Finnmark. Naustforeininga og medlemmar der, fekk også omtale. Etter den lange turen sat dei att med samme inntrykket og erfaring som oss, mange flotte naust, men det står også dårleg til med svært mange. Der må finnast ein utveg for ny bruk.

Kvitsøy satsar på ny aktivitet i nausta.

Dei legg til rette for overnatting oppe og naustaktivitetar nede. Dette er draumen for mange nausteigarar.

Du kan lesa heile artikkelen her https://kvitsoy.kommune.no/innhold/nyheter/fa-inntil-200-000-kroner-i-stotte-for-a-bevare-og-fornye-ditt-sjohus/?fbclid=IwY2xjawNm97FleHRuA2FlbQIxMABicmlkETEzaHdXYzF6ZGh2TW1adjA5AR6f14uFTsvx6kmODjYmeuZJ3pv8XzNtggdxowCBlNpKz23QucpJ2ew63gNh-Q_aem_xp0hRnZB-CiU3mdDjS4VAw

I 2017 hadde Naustforeininga Nytt i Naust ei stor oppgardering på denne handelsbua, men slike bygninga treng alltid litt stell. Her er ny tidsrett bordkledning monter og smurt inn med tjæra og terpentin. Du kan lesa historia om bua her https://naust.org/wp-content/uploads/2025/09/Bua-ved-Vorlandsjoen.-Odd-klepsvik-2017.pdf.

Sjå heile brevet her https://naust.org/wp-content/uploads/2025/08/Kjaere-komande-stortingsrepresentant-2025.pdf

På Vestlandet orkar ikkje alle kampen med kommune og Statsforvaltar, mange har forlatt nausta og reist vekk.


Kjell Magnus Økland kom på årsmøte 24. mars og fortalde om Forbundet Kysten sitt prosjekt om nytt liv i naust og sjøhus.
Han er ansatt som prosjektleiar og skal saman med ei arbeidsgruppe fordela 14 millionar som skal føra til ny aktivitet i naust. Det er Sparebankstiftelsen DNB som har bevilga midlane. Dette er andre gongen Forbundet Kysten deler ut slike midlar, i den runden fekk 51 naust støtte til ny aktivitet. Her er link til søknadsinformasjon. Søknadsfristen er 22. april. Søk støtte til naust og sjøhus innen 22. april