Det vert halde årsmøte i Bergen kystkultursenter mandag 5. mars. Adr. Sandviksboder 15-17.
Kl. 1830 vert det foredrag ved arkitekt Karoline Kalstveit, OPA FORM.
Det vert halde årsmøte i Bergen kystkultursenter mandag 5. mars. Adr. Sandviksboder 15-17.
Kl. 1830 vert det foredrag ved arkitekt Karoline Kalstveit, OPA FORM.
«Nytt i Naust» fekk avtale med eigarane av Bua ved Vorlandsjøen som var bygd i 1866. God kystvener, unge og gamle tok ansvar, og naustet er no klar for nye 150 år.
Odd Klepsvik har skrive historien om Bua. Sjå under Notat.
Etter rundt 800 dugnadstimar var taket tett 12. desember 2017. Dei orginale glasa er til reparasjon og skal monterast i mars.
Når lett ståltak skal monterast må der eit godt sutak til, spikra og skrudd. Naustet skulle då vera godt rusta når nye orkanar kjem inn frå vest. Arbeidet starta 19. oktober.
I andre høgda var den fyrste butikken (Bua) på Vorland. Der budde det også folk.
Før arbeidet starta. Vindehus og sperr hadde sige mot kaien, mange hol i tak og veggar. Naustet er bygd før 1867, mesteparten av kledning og reisverket er orginalt.
Utgangspunktet for samlinga i år var nausta til May-Iren Uglenes i Melingsvågen. Først vitja me den spesielle Øklandsvågen, den er så værhard at den no er heilt ute av bruk. Nokre av nausta her står 3-4 meter over flomålet for å unngå skadar når stormane herjar frå vest. Ved oppgradering kunne dette spesielle naustmiljøet vorte ei perle for turistar sumarstid.
Etter eit godt måltid med fiskesuppa gjekk turen til Bakkasundet og Kalve. I dette området var det mange flotte naust, i bruk både til næring og som bolighus. Me var også innom Ølnavågen, Toransvågen, Vasseidet før turen gjekk tilbake til Melingsvågen. Her vart det festmiddag med litt underhaldning og utdeling av Naustpris 2017, som vart tildelt ei lita bu ved Voggo på Golta. (sjå under)
Melingsvågen. Til høgre ligg «Kvitanaustet» frå rundt 1885, her vart festmiddagen servert.
Verinna for dagen, May-Iren Uglenes diska opp med dei flottaste rettar.
Nytt i Naust tok eit «tak» og fekk ordna taket på dette naustet. Ikkje bra med med vatn ned i krokjen med startegiske bygningselement som beta, sperre, stav og stavaleie. Det gamle grindbygde naustet vil no stå i mange år. Rundt år 1900 var dette naustet base for dei som rodde Raunefjorden og hadde ansvarte for lyktene som skipsfarten var avhengig av ved innseglinga til Bergen.
Tollboden rundt 1860. Foto: Knud Knudsen
Årsmøte vart halde i lokala til Norges Vel i Tollboden. I tillegge til vanlege årsmøtesaker vart det informert om Kystpilgrimsleia frå Rogaland til Nidaros. Den skal ha offisielt opning med tilbod innan overnatting , mat og opplevingar sumaren 2018.
Norges Vel og Nytt i Naust er med i denne prosessen, så har du eit naust med nokon av desse tilboda så ta kontakt
http://kystpilegrimsleia.no/
Kulturminnefondet delt ut kr 1328000.- til reparasjon av kulturminner i Hordaland i 2017. Tildelinga var for søknadsummar under kr 200000.- Det var 65 søknader, 18 fekk tildeling, og av desse var det 4 i strandsona. Ei kyrkjebryggje i Meland, laksegilje på Osterøy, naust i Kvinnherad og Voggobua i Sund.
http://kulturminnefondet.no/wp-content/uploads/2017/02/Protokoll-søknader-til-og-med-200.000-fylkesvis.pdf
Voggobua var i dårleg forfatning. Nytt i Naust kontakta eigaren og det vart sendt søknad om støtte med positivt resultat. Dette viser at denne bygningen har stor verdi som kom gjennom nålauga, og mottok støtte.
Nytt i Naust gratulerer.
Nyttårsorkanen i 1992 knuste den gamle sjøbua og berre gråsteinsmurane sto att. No er det kome opp ei ny bud som er nominert til den gjeve, internasjonale arkitektprisen » EU mies award 2017″
Utdrag frå artikkel i avisa Vestlandsnytt tysdag 7. februar 2017
Nytt i Naust vil gratulera eigarane og arkitekten.
Sjå lenker.
https://www.hjeltnes.as/w44
http://miesbcn.com/wp-content/uploads/2016/12/2016-12-20-First-Press-Release-ENG.pdf