Årsfest på Tofterøy i Sund 2018

Knut Bernhard Trellevik har totalrenovert det gamle naustet. Det framstår i dag som eit moderne «Fjæramannshus» med alle fasilitetar. Fiskarbrødrene som bygde naustet laga seg til ein lune båtplass. Den har no turiststandar, men er framleis i bruk.

Medlemar i Nytt i Naust i naustet til Karsten Høyland på Steinsland. Som biletet syner styrer foreininga med stø kurs mot sine visjonar og mål. Dette naustet var som mange andre fylt opp med nøter og andre maritime bruksgjenstander. Her er no rydda og oppgradert.  

Naustpris til Knut B. Trellevik.

Fotoutstilling på Glesvær

Nytt i Naust hadde eit godt arrangement i samarbeid med Kystsogevekene. Det fine lokalet i «Nyanaustet» har stort potensiale.Rundt 70 besøkande fekk med seg fotoutstilling, skodespel om brugdefangsten og presentasjon av boka Naust. Så fekk Atle Tellnes Johannes Kleppevik minnepris for 50 års innsats for kystkulturen.

Ta turen til Glesvær søndag 16. September.

Naustboka.

 

 

Kl 1200 Offisiell opning.

Bileteutstilling. Naust i naust.

Kl 1400 Foredrag om praktboka Naust ved Trond Jarle Hansen

Kl 1500. Teaterstykke.    Brugdefangsten. Risikosport anno 1770. ved Jan Tufteland, Johan Tufteland og Kjell Magnus Økland.

Kl 1600. Naustkonsert ved Halvard Sangolt og Vivian Steinsland. Utdeling av Johannes Kleppevik Minnepris 2018.

 

Eit årsmøte med godt oppmøte.

Nytt i Naust seiler i medvind og hadde eit godt årsmøte i lokala til Bergen Kystkultursenter i Sandviken, Bergen.

Lokala til Bergen Kystkultursenter gjev inspitasjon til utvikling av naust og andre bygningar i strandsona. Her er ein del av medlemane i foreininga.

 

Karoline Kalstveit med surfestranda på Unstad «på lerret».

Karoline Kalstveit hadde ei svært godt innlegg om utfordringane ein opplever i strandsona i dag. Bruken og nytten av bygningar og natur er i kraftig endring. Ho har studer og laga diplomoppgåva om i Unstad som ligg på yttersida i Lofoten. Eit samfunn med 31 småbruk og rundt 15 fastbuande, der det i dag kan koma oppmot 1000 besøkande turistar på ein dag. I 1960 budde her 300 personar som livnærte seg av dei lokale ressursane på hav og land.

Utfordringane er å tilpasse seg endringane på bærekraftigt vis!!!!!!!!!

https://www.facebook.com/groups/1909249225975366/about/