Naustforeininga Nytt i Naust vil arbeide for:
- Sikring av det særprega kulturmiljøet, dei eldre bygningar og aktiviteten i strandsona.
- Ta bygningane i bruk til ny næringsverksemd for bevaring og berekraftig utvikling
- Skape motivasjon, trivsel og drivkraft til ny aktivitet
Naustforeininga Nytt i Naust skal:
Vera eit nettverk for eigarar av bygningar i og nær strandsona.
Fremje saker overfor myndigheiter og andre interessentar på vegne av medlemmane.
Arbeidsområda for Naustforeininga Nytt i Naust er:
- Myndigheitspåverknad – politisk påverknad på prioriterte område
- Samarbeide innan produktutvikling og marknadsføring
- Rådgjeving
- Forsking, kunnskapsdeling, erfaringsutveksling og nettverksbygging
- Møteplass for medlemmene, næringsliv og forvaltninga
- Utdeling av prisar
- Sosialt samvær
- Kommunisere på vegne av medlemmene med forvaltninga i kommunane, fylkeskommunen og Fylkesmannen
- Finne realistiske moglegheiter og mål for næringsverksemd i bygga