Årsfest oktober 2020. Alverstraumen

Dagen starta med god betasuppe levert av Magnhild Dyrdal. Etterpå var det omvisning i den nyrestaurerte bygningen, Ytre Fosse garveri frå 1894. Eit prosjekt av dimensjonar, all ære til Helene og Tony Dale og familien deira, som har vore til uvurderleg støtte.

Bak murane ligg det store kar (tankar) som var ein del av garveprosessen av skinn, mellom anna frå Argentina. Drifta stoppa rundt 1940.

Mange var møtt opp for å sjå på denne store bygningen og det flotte restaureringsarbeidet.

Neste stopp var Nøtlevågen på austsida av Radøy. Her hadde det vore meieri og  landhandel. Det var eit stort ishus, her lagra dei is som kunne kjøla mjelka om sumaren. Fjordabåtane frakta mjelka til kundar i Bergen. Naustet til venstre høyrde også til bygningsmassen som lutlaget disponerte. Drifta vart avslutta i 1954.  Laget eksisterer enno og restaureringsarbeidet var i god gjenge.

Festmiddagen var i Bergen Skog- og Træplantingsselskap sine lokalitetar ved Fløysvingane.

Det vart delt ut to naustprisar i 2020.

Artikkel i avisa Marsteinen

Nytt i Naust fekk pressedekning i samband med uttale til «Det Kongelege Kommunal- og Moderniseringsdepartement» i samband med forslag endringar i plan – og bygningslova. Høyringsfristen var 1. september.

Gamalt notanaust på Kolltveit er redda.

Felleseige kan vera ein utfordring. Etter ein årelang prosess er no arbeidet med å sikra og ta nauste i ny bruk starta. Materialane til dette naustet kjem frå bybrannen i Bergen i 1916. Brannskada materialer å finna både i tak og veggar.

5-årsjubileum og årsfest i Mjøsvågen, Osterøy.

«Ein våg me veit um» heiter boka som fortel alt om bygningar og folka rundt  Mjøsvågen. http://www.kom-an.no/media/166126/Invitasjon-til-bokslepp.pdf    Nytt i Naust hadde ein særs vellukka årsfest der. Her var omvisning i kisteverkstader, treskoverkstaden, smia og møbelfabrikk, alle frå eldre tider. Sjølve festen var i lokala til Mjøsvågen Landhandleri A/S. Den gule bygningen var kommunehuset i gamle Hosanger kommune.

I 1954 vart det arbeidskonflikt ved treskoverkstaden. Drifta stoppa, eigaren låste døra og gjekk. Treskoa på bilete er eit tidsminne frå den dagen i 1954. Inge Rune Fanebust fekk starta opp att verkstaden rundt år 2004. Den er i dag driven av Osterøy museum.

5-årsjubileum og seminar i Bergen Kystkultursenter, Sandviksboder.

Fylkesordførar for Vestland, Jon Askeland frå Radøy, hadde eit inspirerande innlegg.  Andre innlegg var ved: Kari Larsen frå Riksantikvaren, Ove Trellevik frå Stortinget, Andreas Espeset plansjef Flora kommune, Sverre Sangolt leiar i Foreininga, Egil Sunde om Bergen Kystkultursenter, Lars Knut Aarland og Knut Are Dyrdal fortalde om naustprosjekt i Austevoll,  Vidar Ulriksen Fiskeridirektoratet oppsummerte dagen som vart leia av Anita Fedøy frå Nausforeininga Nytt i Naust.  

Der var over 40 personar som hadde sette av dagen med fokus på utvikling og ny aktivitet i strandsona. Der vart også del ut Naustpris 2019 for godt engasjement på alle nivå i strandsona.