Sjøhusa på Krossøy er eit freda sjøhusmiljø i Austrheim kommune heilt nordvest i Austrheim kommune. Bygningsmassen består av naust, sjøboder og torvhus samla omkring havn på austsida av Krossøy. Sjøhusa på Krossøy vart freda etter Lov om kulturminne i 1994. Kulturmiljøet består av eit havneområde med ti bygningar. Alle husa er grindabygde, enkle stavbygningar som står på fundament av naturstein. Mens liggande kledning er brukt våningshusa, er grindabygningane vanligvis kledd med ståande kledning. Ofte er det brukt hunbord, ofte omtalt som «Masfjordbord». Underliggaren vart sett med den breieste sida ut, og overliggaren med tilsvarende side inn. Hun var overskotsmatrial og var billig. Denne enkel og malerisk kledninga viser korleis ein utnytta ressursane og gir sjøhusa på Krossøy karakter.
Forfatter: admin
Hamnedagane på Kleppe i august
Hamnedagen er ein marknadsdag og festdag. I år var det rundt 800 som vitja nausta rundt hamna ved Kleppesjøen. Der var eit variert program der dei unge var i sentrum om dagen. Minneprisen for Johannes Kleppevik vart del ut og i år gjekk prisen til Audun Hausberg for han mangeårige arbeid med Galeasen Loyal.
Vikingtidsmuseet (skip) på Bygdøy skal få nytt «Naust»
Sjå på Midtsiden.no
http://www.midtsiden.no/som-koyra-ei-gravemaskin-til-sjoen-og-la-ho-rusta
Årsmøte er unnagjort med suksess
Osingane møtte mannsterke opp på årsmøte til Nytt i Naust som i år var i Oselvarnaustet. Ein presentasjonsrunde rundt bordet viste at der er brei interesse for kystkultur, naust og næringsinteresser i strandsona. Om ein klarar å slå kreftene saman og dra i samme retning, vil ein kunna oppnå resultater framover. Her møtte fram forfattarar, utbyggarar, arkitektar, historieintresserte, fiskarar og vanlege nausteigarar.
Etter årsmøtesakene vart der ein livleg diskusjon om fortid , notid og framtid i strandsona. Kombinasjonen mellom det gjennomregulerte samfunnet me har og dei store variasjonane i bygningsmassen i strandsona, gjer det til tider svært vanskelegt å nå fram hjå offentleg mynde. Dette er ei utfordring Nytt i Naust vil arbeida vidare med.
Årsmøte ynskjer alle lukke til ved vårarbeidet i fjæresteinane.
Årsmøte onsdag 20. april. Oselvarnaustet kl 1830.
I Os finn ein både Oselvarverkstaden og Oselvarnaustet, årsmøtet finn stad i Oselvarnaustet, det ligg lengst mot sør.
Alle er hjarteleg velkomne til årsmøte.
På det smale naustet i Os kommune er det no blitt spandert maling, ei noko spesiell maling. Mange andre naust står framleis uten maling og da held forfallet fram.
http://www.nrk.no/hordaland/na-har-norges-kanskje-smaleste-naust-blitt-et-kunstverk-1.12114466
Årsmøte onsdag 20. april. Oselvarnaustet kl 1830.
Ope møte om næring i naust. Tysdag 16. februar kl 1800. Timbervika i Telavåg.
Naustforeininga Nytt i Naust inviterer til ope møte om næring i naust. Regelverket i strandsona er strengt. Det kan oppstå store utfordringar når ein vil ta naust i ny bruk. Naustforeininga arbeider med desse problemstillingane slik at ein kan få ny aktivitet i strandsona.
Kom og sjå kva Richard Midttveit og Gisle Johnson har fått til i naustet sitt.
Enkel servering.







