I november var det årsfest og naustsamling på Bømlo.

Rundt 15 medlemar var med på rundturen til forskjellige naustmiljø på vestsida av Bømlo.
I Uransvågen vart me mottat av ordførar Sammy Olsen. Som ung var han ein del av det yrandes livet i Uransvågen. Han fortalde livleg om dette og andre ramsalte historiar frå området. Dagen vart avslutta med festmiddag på den flotte Hengjo i Mælandsvågen. Havets delikatessebord vart levert av slekta til Nillo på Skjæret i Brandasundet. I Hengjo vart det oppsummering frå året og utdeling av naustprisar. Bømlo-nytt er å stola på, dei dekke Naustforeininga Nytt i Naust sitt arrangement. Det kan du lesa om her. Det vart delt ut tre naustprisar for prosjekt som har hatt ein lang kamp mot byråkratiet. Dei gav ikkje opp og har fullført prosjekt som styrker kulturmiljøet på kysten. Historiar lever vidare trass sterk motstand fra kommunar og ikkje minst fra statsforvaltaren.