Årsfest oktober 2020. Alverstraumen

Dagen starta med god betasuppe levert av Magnhild Dyrdal. Etterpå var det omvisning i den nyrestaurerte bygningen, Ytre Fosse garveri frå 1894. Eit prosjekt av dimensjonar, all ære til Helene og Tony Dale og familien deira, som har vore til uvurderleg støtte.

Bak murane ligg det store kar (tankar) som var ein del av garveprosessen av skinn, mellom anna frå Argentina. Drifta stoppa rundt 1940.

Mange var møtt opp for å sjå på denne store bygningen og det flotte restaureringsarbeidet.

Neste stopp var Nøtlevågen på austsida av Radøy. Her hadde det vore meieri og  landhandel. Det var eit stort ishus, her lagra dei is som kunne kjøla mjelka om sumaren. Fjordabåtane frakta mjelka til kundar i Bergen. Naustet til venstre høyrde også til bygningsmassen som lutlaget disponerte. Drifta vart avslutta i 1954.  Laget eksisterer enno og restaureringsarbeidet var i god gjenge.

Festmiddagen var i Bergen Skog- og Træplantingsselskap sine lokalitetar ved Fløysvingane.

Det vart delt ut to naustprisar i 2020.