Samling i Nøsteboden

IMG_1326

Fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd og Roger Iversen

 

Tysdag 3. mars 2015 hadde Naustforeininga Nytt i Naust samling på Nøsteboden i Bergen. Asbjørn Stavland ynskte velkomen til samling. Eva Røyrane heldt eit godt føredrag om boka Norges Låver som ho har laga saman med Oddleiv Apneseth. Det var nausteigarar og andre sympatisørar frå Austevoll i sør til Radøy i nord. Frå Bømlo var det ingen som nådde fram, då vegvesenet «la hindringar i vegen». Nausteigarane prata om planane dei hadde med nausta sine.  Ole Bakkebø frå Fylkesmannen og Per Morten Ekerhovd frå Fylkeskommunen var med. Me fekk servert fantastisk god fiskesuppa med blåskjel og godt brød. Roger Iversen fortalde om arbeidet han hadde hatt med restaurering av Nøsteboden og fruen varta oss opp etter alle kunstens reglar.  Det var kyst-quiz der ordføraren i Radøy gjorde det skarpt. Kvelden vart avslutta med omvisning i boden. Ein triveleg kveld.