{"id":21,"date":"2015-01-31T11:34:25","date_gmt":"2015-01-31T11:34:25","guid":{"rendered":"http:\/\/naust.org\/?page_id=21"},"modified":"2017-12-21T13:57:28","modified_gmt":"2017-12-21T13:57:28","slug":"rettleiarhefte","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/naust.org\/?page_id=21","title":{"rendered":"Notat"},"content":{"rendered":"<p><strong><u>Bua ved Vorlandsj\u00f8en<\/u><\/strong> \u2013 eit kulturminne me m\u00e5 ta vare p\u00e5<\/p>\n<p>I 1860-\u00e5ra reiste det seg ved \u00a0Vorlandsj\u00f8en eit naust som var st\u00f8rre enn dei gamle sj\u00f8husa. Sj\u00f8buene som hadde st\u00e5tt der lenge, \u00a0l\u00e5g gjerne innst i vika, godt inn p\u00e5 t\u00f8rre landet og berre med den eine sida ut mot sj\u00f8en. No kom det eit ruvande byggverk, \u00a0h\u00f8greist p\u00e5 ein grunnmur som gjekk langt ut i sj\u00f8en.\u00a0 Bygnaden \u00a0skulle ikkje f\u00f8rst og fremst stikka seg fram \u2013 sj\u00f8lv om det var det han gjorde, men for \u00e5 f\u00e5 tilkomst s\u00e5 og seia p\u00e5 alle sider. Den gongen var sj\u00f8en sj\u00f8lve ferdsels vegen. Plasseringa av nyenaustet vart gjort slik at fleire farkostar kunne landa samstundes. Her skulle det bli r\u00e5d \u00e5 fort\u00f8ya \u00a0feringar og st\u00f8rre b\u00e5tar p\u00e5 tre sider av naustet.\u00a0 N\u00e5r ein s\u00e5 f\u00f8rst hadde hyra inn murarar som kunne mura under \u00a0vatn, \u00a0laga ein like godt ein pir, ei smal bryggje, som gjekk nokre meter lengre ut framom naustet. Dermed kunne ei seilskute og leggja til lands om det var naudsynt.<\/p>\n<p>Nybygget hadde \u00a0stort loft med god h\u00f8gde under taket. I den nordvestre enden var det utstikk for vinde, og p\u00e5 langsida mot s\u00f8r var det ark. Loftet fekk s\u00e5leis mykje plass.\u00a0 I daglegtalen, ogs\u00e5 den dag i dag,\u00a0 er det ingen som kallar naustet anna enn <em>bua<\/em>. Slik har gamlenausta alltid vorte nemnde. Det tilseier\u00a0 at her har det st\u00e5tt buer fr\u00e5 gamal tid der garn og fiskevelde har blitt husa. Fiske og fangst var den viktigaste levevegen i hundre\u00e5r etter hundre\u00e5r her p\u00e5 kysten ut mot havet.<\/p>\n<p>Til og med eigarane og drivarane av nyenaustet har p\u00e5 folkemunne i alle \u00e5r g\u00e5tt under namnet: <em>Mons p\u00e5 bua<\/em>, deretter sonen <em>Nils p\u00e5 bua<\/em> og s\u00e5 ein soneson som og vart heitande <em>Mons p\u00e5 bua<\/em>. Den f\u00f8rste \u00abMonsen\u00bb hadde store planar. Han ville starta landhandel og pr\u00f8va gjestgjevarrolla, og etter kvart mangt anna. Samfunnsinteressert var han og.<\/p>\n<p>Bua m\u00e5 vera oppf\u00f8rt i \u00e5ret 1866. Huset vart nemleg branntrygda ein av dei f\u00f8rste dagane i januar 1867. Ho er i branntakstprotokollen omtala som eit grindverksbygg der h\u00f8gda mellom golvet og \u00a0bjelkelaget til loftet var 2,7 meter . Dei utvendige m\u00e5la var 13,2 meter langt og 8,4 meter breitt. Loftet gjekk over heile bygget, og der var det innreida rom for krambu pluss fleire rom som nok var tiltenkt plass for gjestgjerstad.<\/p>\n<p>Byggherren og den f\u00f8rste eigaren var Mons Nilson Vorland. Han var f\u00f8dd i 1840 og d\u00f8ydde 1919. Kona var Astrid Knutsdotter Trellevik f\u00f8dd 1841 og d\u00f8ydde 1920. Dei gifta seg i 1867. Mons f\u00f8lgde ikkje tradisjonen \u00e5 bli fiskar, slik det var vanleg p\u00e5 v\u00e5re kantar den gongen. Han m\u00e5 tidleg ha satsa alt p\u00e5 \u00e5 kunna driva handel. Hausten 1862 finn me han som krambudreng p\u00e5 Glesnesholmen \u2013 det kjende fiskev\u00e6ret Glesver som var eit kremmarsetet drive med kongeleg privilegium fr\u00e5 1600-talet. I 1864 var Mons \u00a0handelsbetjent hj\u00e5 Jan Pettersen i Kvalv\u00e5gen (Stolmen, Austevoll kommune). Pettersen dreiv og trelasthandel.\u00a0 Fr\u00e5 begge desse stadene la han fram fine attestar med gode vitnem\u00e5l. Desse attestane l\u00e5g som vedlegg til s\u00f8knaden om \u00e5 f\u00e5 handelsbrev og deretter skjenkel\u00f8yve fr\u00e5 fylkesmannen.<\/p>\n<p>Mons Nilsen Vorland fekk innvilga handelsbrevet han s\u00f8kte om. Fr\u00e5 1857 vart det ei lita opning for futen til \u00e5 skriva ut handelsbrev p\u00e5 s\u00e6rlege vilk\u00e5r. Ordninga med handelsbrev vart vel ti \u00e5r seinare\u00a0\u00a0 utvida og handelen vart friare. Den nye lova av 26.05.1866 ga p\u00e5 n\u00e6rare fastsette vilk\u00e5r l\u00f8yve til fritt vareutsal\u00a0 for landhandlarar. Og det kom mange landhandleri i kj\u00f8lvatnet av denne lova. \u00a0I protokollen over innvilga handelsbrev\u00a0 i Sund kommune st\u00e5r Mons Nilsen som den f\u00f8rste. \u00a0Han er innf\u00f8rt i protokollen 23.03.1868, men det seiest at han kom i gang alt i 1867. Kan hende var det som gjestgjevar han starta f\u00f8rst, og det kunne godt \u00a0vera i 1867.<\/p>\n<p>Bua ved Vorlandsj\u00f8en vart eit viktig knutepunkt. Fr\u00e5 gamalt gjekk kyrkjevegen fr\u00e5 den vestre delen av Sund kommune over Vorland. Fr\u00e5 Kausland og gardane innover i Austefjorden kom folk roande i f\u00e6ringar og landa ved Vorlandsj\u00f8en, for s\u00e5 \u00e5 g\u00e5 vidare austover gjennom utmarka og fjella til Sundkyrkja. S\u00e5 i 1860-\u00e5ra auka trafikken. Folk kom oftare roande til Vorlandssj\u00f8en. Landhandelen vart ein lokal magnet.\u00a0 Her m\u00f8ttes s\u00e5 og seia alle. Her fekk dei tak i alt dei trengte til livsopphaldet, grovsalt og det dei elles m\u00e5tte skaffa seg til sj\u00f8bruk og gardsbruk.<\/p>\n<p>Mons p\u00e5 bua vart ein hanelsmann \u00a0det gjekk godt for. Vareutvalet vart utvida \u00e5r for \u00e5r. Til slutt var det mest ingenting ein ikkje fekk handla her b\u00e5de av daglegvarer, tobakk, steint\u00f8y og den slags, isenkram og alt til fiske og fangst. Fleire av distriktet sine notlag starta sesongen her hj\u00e5 <em>Mons p\u00e5 bua<\/em> med proviantering og utrusting.<\/p>\n<p>N\u00e5r sildefisket og fiskeria tok seg opp mot slutten av 1800-talet vart det meire aktivitet i naustet. No etablerte han sildesalteri og fiskemottak. Det skapte nye arbeidsplassar. S\u00e6rleg vart det mange kvinner som tene nokre ekstra kroner med sortering og salting av sild.<\/p>\n<p>Rett f\u00f8r den f\u00f8rste verdskrigen kom det brevhus med adressa Vorlandsj\u00f8. Det heldt til p\u00e5 bua. I 1919 vart brevhuset utvida til postopneri. Posten og krambua flytta seinare opp i bustadhuset til Mons rett ovanfor naustet.<\/p>\n<p>Tidleg p\u00e5 1900-talet vart plassen framfor naustet utvida med kai slik at ruteb\u00e5en \u00abVatlestrraumen\u00bb kunne leggja til . Dampb\u00e5trute starta s\u00e5 tidleg som i 1890. Men f\u00f8r kaien kom m\u00e5tte dampen bordast.<\/p>\n<p>Mons Nilson sat to periodar som ordf\u00f8rar i Sund kommune (Sund og Austevoll f\u00f8rste gongen). F\u00f8rst fekk han dette ombodet i 1872 og vart vald p\u00e5 ny i 1892.<\/p>\n<p><strong>Konklusjon:<\/strong><\/p>\n<p>Dette korte utdraget om gr\u00fcnderen <em>Mons p\u00e5 bua<\/em> gjev nokre glimt fr\u00e5 korleis viktige deler av bygdelivet vaks fram p\u00e5 v\u00e5re kantar for hundreogfemti \u00e5r attende. No er det i stor grad stille p\u00e5 desse gamle samlingsplassane. S\u00e5leis og ved Vorlandsj\u00f8en. Men no er ideen og \u00a0viljen der til \u00e5 ta vare p\u00e5 Bua som har s\u00e5 mange historier \u00e5 fortelja. Med dugnad og \u00f8konomisk st\u00f8tte kan denne bygnaden verta teken berga for framtida. Aktiviteten innand\u00f8rs har skifta fr\u00e5 tidsepoke til tidsepoke, men den fysiske bygningsmassen st\u00e5r der og plassen ligg der. Han m\u00e5 ikkje \u00abrota p\u00e5 rot\u00bb? Dette er eit av dei f\u00e5 bygga og milj\u00f8a som framleis kan reddast \u00a0fr\u00e5 forfall. Dette kulturminnet m\u00e5 f\u00e5 leva vidare.<\/p>\n<p>H\u00e5konsund, 26. juni 2017<\/p>\n<p>Odd Klepsvik<\/p>\n<p>(tidlegare medlem i bygdeboknemnda for gards- og slektsoga Sund p\u00e5 S\u00f8re Sotra)<\/p>\n<p>Skrive p\u00e5 oppfordring fr\u00e5 Naustforeininga Nytt i Naust ved Sverre Sangolt i samband med s\u00f8knad til Kulturminnefondet om midlar til reperasjon av tak, glas og veggar.<\/p>\n<p>P\u00e5 grunnlag av dette dokumentet l\u00f8yvde Fondet kr 38000.- som m\u00e5 nyttast i 2017.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p><strong>2015<\/strong><\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>Naustforeninga Nytt i Naust har laga eit rettleiingshefte for deg som ynskjer \u00e5 ta bygningar i strandsonen i bruk:<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/naust.org\/wp-content\/uploads\/2015\/01\/Rettleiingshefte-versjon-2015-enkle-sider.pdf\">Rettleiingshefte versjon 2015<\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Bua ved Vorlandsj\u00f8en \u2013 eit kulturminne me m\u00e5 ta vare p\u00e5 I 1860-\u00e5ra reiste det seg ved \u00a0Vorlandsj\u00f8en eit naust som var st\u00f8rre enn dei gamle sj\u00f8husa. Sj\u00f8buene som hadde st\u00e5tt der lenge, \u00a0l\u00e5g gjerne innst i vika, godt inn p\u00e5 t\u00f8rre landet og berre med den eine sida ut mot sj\u00f8en. No kom det &hellip; <a href=\"https:\/\/naust.org\/?page_id=21\" class=\"more-link\">Fortsett \u00e5 lese <span class=\"screen-reader-text\">Notat<\/span><\/a><\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"parent":0,"menu_order":0,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","template":"","meta":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/naust.org\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/21"}],"collection":[{"href":"https:\/\/naust.org\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/naust.org\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/naust.org\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/naust.org\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=21"}],"version-history":[{"count":4,"href":"https:\/\/naust.org\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/21\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":287,"href":"https:\/\/naust.org\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/21\/revisions\/287"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/naust.org\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=21"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}