Ikkje la det enda slik.
Årsmøte 2015 vart halde på Oselvarverkstaden.
Naustforeininga Nytt i Naust helt årsmøte på Oselververkstaden. Her hadde me ei interessant omvisning med Maik Riebort som mellom anna fortalde historiar knytt til bygging av nye oselvarar. Vil du bestilla deg ein slik robåt er det over eit års leveringstid.
Årsmøte vedtok nye satsar for kontingent.
Vedtak: Medlemskontingent pr. år vart fastsett til:
Kr 200.- for personleg medlemskap og par. Eitt personleg medlemsskap kan også inkludere ektemake/sambuar/partnar i familien. Kr 50.- for støttemedlemskap.

Kåre Spissøy, Unni Dyrdal, Asbjørn Stavland, Knut Dyrdal, Sverre Sangolt og Anita Fedøy
Årsmøte 2015 Oselvarverkstaden
Samling i Nøsteboden
Fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd og Roger Iversen
Tysdag 3. mars 2015 hadde Naustforeininga Nytt i Naust samling på Nøsteboden i Bergen. Asbjørn Stavland ynskte velkomen til samling. Eva Røyrane heldt eit godt føredrag om boka Norges Låver som ho har laga saman med Oddleiv Apneseth. Det var nausteigarar og andre sympatisørar frå Austevoll i sør til Radøy i nord. Frå Bømlo var det ingen som nådde fram, då vegvesenet «la hindringar i vegen». Nausteigarane prata om planane dei hadde med nausta sine. Ole Bakkebø frå Fylkesmannen og Per Morten Ekerhovd frå Fylkeskommunen var med. Me fekk servert fantastisk god fiskesuppa med blåskjel og godt brød. Roger Iversen fortalde om arbeidet han hadde hatt med restaurering av Nøsteboden og fruen varta oss opp etter alle kunstens reglar. Det var kyst-quiz der ordføraren i Radøy gjorde det skarpt. Kvelden vart avslutta med omvisning i boden. Ein triveleg kveld.
Norges Låver
På samlinga til Naustforeininga Nytt i Naust i Nøsteboden kom Eva Røyrane og hadde eit engasjerande innlegg om boka Norges Låver. Her kan du lesa litt om dette store prosjektet som Naustforeininga fekk høyra om.
Uformell samling i Nøsteboden
Tysdag 3. mars kl. 17:30 var det samling i Nøsteboden i Bergen.
- Innlegg av Eva Røyrane, forfatter av Norske låver
- Naust- og kystquiz
- Matservering og sosialt samvær
Påmelding til post@naust.org
Rettleiarheftet er klart
Har du eit naust som tørstar etter ny aktivitet? Naustforeninga Nytt i Naust sitt rettleiarhefte er no tilgjengeleg.