Naustforeininga hadde samling og årsfest i Timbervika i Telavåg

11050841_799143863507920_8963011608824823515_n

Timbervika i Telavåg. Her er no eit flott selskapslokale.

Dagen starta med matøkt på Nordsjøfartmuseet. Deretter samla me oss i auditoriet. Her var mellom andre Ove Bernt Trellevik som både lytta og fortalde. No skal mellom anna «Statlige planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsonen langs sjøen» reviderast. Naustforeininga vart invitert til å koma med synspunkt på denne.

Etterpå var det rundtur i Telavåg med inspeksjon av naust, både «varme og kalde» .

Kvelden vart avslutta med festmiddag for 25 personar i det nyrestaurerte naustet «Timbervika». Her var det både «Naustquiz, musikalske innslag og prisutdelingar.

 

 

 

 

Årsmøte 2015 vart halde på Oselvarverkstaden.

Naustforeininga Nytt i Naust helt årsmøte på Oselververkstaden. Her hadde me ei interessant omvisning med Maik Riebort som mellom anna fortalde historiar knytt til bygging av nye oselvarar. Vil du bestilla deg ein slik robåt er det over eit års leveringstid.

Årsmøte vedtok nye satsar for kontingent.

Vedtak: Medlemskontingent pr. år vart fastsett til:

Kr 200.- for personleg medlemskap og par. Eitt personleg medlemsskap kan også inkludere ektemake/sambuar/partnar i familien.   Kr 50.- for støttemedlemskap.

Årsmøte har eit godt tak på styreåra. Kåre Spissøy, Unni Dyrdal, Asbjørn Stavland, Knut Dyrdal, Sverre Sangolt og Anita Fedøy
Årsmøtedeltakarane har eit godt tak på styreåra.
Kåre Spissøy, Unni Dyrdal, Asbjørn Stavland, Knut Dyrdal, Sverre Sangolt og Anita Fedøy

 

Årsmøte 2015 Oselvarverkstaden

På Børnes for nokre år sidan
På Børnes for nokre år sidan

Naustforeininga Nytt i Naust ynskjer medlemmar og andre interesserte velkomne til Oselvarverkstaden på Osøyro, torsdag 23.april 2015 kl. 18.00. I tillegg til vanlige årsmøtesaker vert det omvisning på verkstaden.

http://www.oselvarverkstaden.no/

Samling i Nøsteboden

IMG_1326

Fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd og Roger Iversen

 

Tysdag 3. mars 2015 hadde Naustforeininga Nytt i Naust samling på Nøsteboden i Bergen. Asbjørn Stavland ynskte velkomen til samling. Eva Røyrane heldt eit godt føredrag om boka Norges Låver som ho har laga saman med Oddleiv Apneseth. Det var nausteigarar og andre sympatisørar frå Austevoll i sør til Radøy i nord. Frå Bømlo var det ingen som nådde fram, då vegvesenet «la hindringar i vegen». Nausteigarane prata om planane dei hadde med nausta sine.  Ole Bakkebø frå Fylkesmannen og Per Morten Ekerhovd frå Fylkeskommunen var med. Me fekk servert fantastisk god fiskesuppa med blåskjel og godt brød. Roger Iversen fortalde om arbeidet han hadde hatt med restaurering av Nøsteboden og fruen varta oss opp etter alle kunstens reglar.  Det var kyst-quiz der ordføraren i Radøy gjorde det skarpt. Kvelden vart avslutta med omvisning i boden. Ein triveleg kveld.