Årsfest 22. oktober 2016.

Nytt i Naust arrangerte årsfesten sin i Austrheim kommune.

img_3164

Nausta i Haukelandsvika.

VETÅS

Dagen start med at to frå styret møtte ordføraren på Radøy, Jon Askeland og vitja så naustet i Haukelandsvika. Eigarene Reidar og Kari Haukeland, såg ein sjangse og starta arbeidet straks prosjektet «Ny næring i gamle (naust) bygg i strandsonen» starta opp rundt 2012. Naustet hadde vore ein sentral arbeidsplass på Vetås og hadde hatt stor og varierandes aktivitet opp gjennom åra. Her kan nemnast notbøtert, salteri, røykeri og storfeslakting. Dei utvendige estetiske kvalitetane var ivaretekne og innvendig var der laga plass til å halda store selskap og overnatting. Eit lita naust på utsida var rive då det var i svært dårleg forfatning. Eit nytt fjæramannshus med dagens fasilitetar var bygd på dei gamle steinmurane, her med plass til 4 personar. Området er utan veg, men no er der ført fram straum og vatn. I framtida kjem der kanskje skogsbilveg 100 meter frå nausta. Det er heilt sikkert at utan «Naustprosjektet» hadde bygningen vore utan aktivitet i dag.

img_3170

KROSSØY

Kl. 1300 møttest medlemane på Krossøy, heilt nord i Austrheim der me vart mottatt av Mikal Krossøy. Omvisninga starta oppe på ein fjelltopp vel 30 meter over havet. Her hadde ein utsyn til 30 kommunar. På Krossøy er det eit freda naustmiljø med 10 bygningar som ligg på austsida ved Kylderen. Mikal fortalde om livet på Krossøy frå 1950-talet og framover. Torv var brensel fram til straumen kom i 1957. Ny kai på sørsida og traktorveg kom i 1963. Då gjekk gradvis nausta ved Kylderen ut av bruk og forfrallet starta etter kvart. Tidleg på 1990-talet vart nausta freda av Riksantikvaren som samtig sett stand. På Krossøy er det fire bruk, kvar hadde tre bygningar ved sjøen. ( to av bygningane hadde dobbel fungsjon). Eit hadde lunnar framom for oppdrag av båtar, eit for reiskap og fisk, og eit for torv som dei tok på øyane.

img_3178

Planen var å eta lunch på feltmaner ved nausta, men Mikal inviterte folket opp på ein liten grøn topp i hagen. Her vart ei hyggjestund av dei sjeldne i det særs fine haustværet. All ære til Mikal og Oddny for ein vellukka ettermiddag.

img_3638

Kilstraumen

Så samla ein seg på rorbuene ved Kilstraumen, her hadde Asbjørn Stavland eit innlegg om «Kystpilgrimsleia, Rogaland til Nidaros». Der er no «Nytt i Naust» med som ein av fleire aktørar. Der var så festmiddag på vertshuset Kjelstraumen med god mat, taler og utdeling av «Naustpris 2016». Neste morgon var det god frukost i fred og ro, like ved bryggjekanten.

Freda naustmiljø på Krossøy i Austrheim kommune.

Sjøhusa på Krossøy er eit freda sjøhusmiljø i Austrheim kommune heilt nordvest i Austrheim kommune. Bygningsmassen består av naust, sjøboder og torvhus samla omkring havn på austsida av Krossøy. Sjøhusa på Krossøy vart freda etter Lov om kulturminne i 1994. Kulturmiljøet består av eit havneområde med ti bygningar. Alle husa er grindabygde, enkle stavbygningar som står på fundament av naturstein. Mens liggande kledning er brukt våningshusa, er grindabygningane vanligvis kledd med ståande kledning. Ofte er det brukt hunbord, ofte omtalt som «Masfjordbord». Underliggaren vart sett med den breieste sida ut, og overliggaren med tilsvarende side inn. Hun var overskotsmatrial og var billig. Denne enkel og malerisk kledninga  viser korleis ein utnytta ressursane og gir sjøhusa på Krossøy karakter.

naust-krossoy-karl-ragnar-gjertsenKrossøy.      Foto: Karl Ragnar Gjertsen

Hamnedagane på Kleppe i august

Hamnedagen er ein marknadsdag og festdag. I år var det rundt 800 som vitja nausta rundt hamna ved Kleppesjøen. Der var eit variert program der dei unge var i sentrum om dagen. Minneprisen for Johannes Kleppevik vart del ut og i år gjekk prisen til Audun Hausberg for han mangeårige arbeid med Galeasen Loyal.img_2836

Årsmøte er unnagjort med suksess

IMG_2300

Osingane møtte mannsterke opp på årsmøte til Nytt i Naust som i år var i Oselvarnaustet. Ein presentasjonsrunde rundt bordet viste at der er brei interesse for kystkultur, naust og næringsinteresser i strandsona. Om ein klarar å slå kreftene saman og dra i samme retning, vil ein kunna oppnå resultater framover. Her møtte fram forfattarar, utbyggarar, arkitektar, historieintresserte, fiskarar og vanlege nausteigarar.

Etter årsmøtesakene vart der ein livleg diskusjon om fortid , notid og framtid i strandsona. Kombinasjonen mellom det gjennomregulerte samfunnet me har og dei store variasjonane i bygningsmassen i strandsona, gjer det til tider svært vanskelegt å nå fram hjå offentleg mynde. Dette er ei utfordring Nytt i Naust vil arbeida vidare med.

Årsmøte ynskjer alle lukke til ved vårarbeidet i fjæresteinane.

Årsmøte onsdag 20. april. Oselvarnaustet kl 1830.

 

I Os finn ein både Oselvarverkstaden og Oselvarnaustet, årsmøtet finn stad i Oselvarnaustet, det ligg lengst mot sør.

Alle er hjarteleg velkomne til årsmøte.

På det smale naustet i Os kommune er det no blitt spandert maling, ei noko spesiell maling.  Mange andre naust står framleis uten maling og da held forfallet fram.

Sjå link:2 Smalt naust Os 2014

http://www.nrk.no/hordaland/na-har-norges-kanskje-smaleste-naust-blitt-et-kunstverk-1.12114466